Dei varige verdiane etter Sovjetunionen– Russland er ikkje eit diabolsk land, slår Kjartan Fløgstad fast, idet han byr på ei diger praktbok om austeuropeisk arkitektur.
– Russland er ikkje eit diabolsk land, slår Kjartan Fløgstad fast, idet han byr på ei diger praktbok om austeuropeisk arkitektur.
Kjartan Fløgstad ved foten av det brutalistiske Russian State Scientific Center of Robotics and Technical Cybernetics i St Petersburg.
Foto: KoMiKor
Det er førti år sidan Kjartan Fløgstad vitja Sovjetunionen første gongen, og sidan har han vore der mellom tjue og tretti gonger.
For mange år sidan kom han inn på arkitektlina på NTH i Trondheim, men han vart fort lei og kasta både linjalen og teiknemaskina i femte veggen. I staden har han skrive meir enn førti bøker, og no gjev han ut Trans-Sovjet Ekspress med undertittelen Luftslott og revolusjonære ruinar. Der handlar det om litt av det som står att etter det korte hundreåret med sovjetrealisme, men boka er samstundes ei personleg historie frå dei siste fem tiåra. I boka dukkar også Hertingen opp, og Fløgstad formidlar kva romanfiguren frå Fyr og flamme ville ha meint om både eitt og hitt i den sovjetiske arkitekturhistoria.
PYRAMIDEN
Under den kalde krigen, frå 1980 til 1985, budde Fløgstad i Bjørnevatn ved Kirkenes – med kort veg til russargrensa. Han vart kjend med mange i Sør-Varanger, blant andre dei som sidan har drive Barentssekretariatet, og kunstnargruppa Pikene på broen. Dei opna dører på russisk side av grensa.
For ti år sidan gav Fløgstad ut bok om den sovjetiske gruvebyen Pyramiden på Svalbard. Der fann han eit reindyrka uttrykk for den sosialistiske modellbygginga på norsk område. I Pyramiden fanst det hovudgate med kulturpalass, bra bustadblokker, gartneri, sjukehus, kino og byste av Lenin med meir. I dag slår Fløgstad fast at den sovjetiske modellbyen var meir stilrein enn Longyearbyen.
Boka om Pyramiden vart sett om til russisk, og ho vart ein døropnar for Fløgstad i Russland. Han vart invitert både til Moskva, Murmansk og den berykta Gulag-byen Norilsk. Etter kvart fatta han interesse for å trengja djupare ned i den sovjetiske arkitekturen, og han utvida perspektivet til også å gjelda dei sovjetiske satellittstatane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.