Diktet

Dagmar Blix (1900–1984) skreiv over 200 dikt

Publisert Sist oppdatert

Dagmar Blix (1900–1984) var lærar og forfattar i Storfjord ved Stamsund i Lofoten. Ho er mest kjend for innsamling av folkeminne frå Lofoten, gjennom bøkene Draugen skreik (1965) og Gamle Lofoten (1975). Nokre kjenner henne òg gjennom radiokåseri i NRK eller alle barnebøkene. Eg gjev her att eit døme på ei av gåtene ho samla inn: «Ka de’ som e blankast i kjerka?» Svaret er dropen under kaldnasen.

Blix var òg diktar, ho skreiv over 200 dikt, trykte i ulike blad. Mange er samla i to bøker. Den fyrste er Vargtid. Dikt frå krigsåra (1961). At tradisjonsstoff var viktig for å forstå krigen, ser vi av tittelen «Volva spår». Denne diktserien opnar slik: «Vargtid, kvad Volva/ villtid er i vente,/ vondtid med vinter og vesaldom». Eit merkeleg dikt er det lange, forteljande «Vinterfelttoget i Russland 1812», frå same samling. Vi skjønar det er eit bilete på Tysklands invasjon av Russland i 1941, som førte til nazismens fall. Men det skin òg sympati igjennom for soldatane som blir drivne mot Moskva av «ein stormannsgal draum». «Buntar av filler som framover travar,/ bannar og bed, når i snøen dei kavar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement