– Dag og Tid har spurt språkforskarar om synet deira på etymologiske forklåringar i (NAOB). Fyrst ute er Dag og Tids faste språkkommentator, Kristin Fridtun:

Publisert

Dag og Tid har spurt språkforskarar om synet deira på etymologiske forklåringar i Det Norske Akademis ordbok (NAOB). Fyrst ute er Dag og Tids faste språkkommentator, Kristin Fridtun:

– Dei etymologiske utgreiingane i NAOB er ikkje imponerande, men det same kan vi seia om dei fleste andre norske ordbøker. Korkje Bokmålsordboka, Nynorskordboka eller Norsk Ordbok greier godt ut om historia til orda. Opplysningane er stutte og stundom upålitelege. Då er det betre å slå opp i ei god etymologisk ordbok eller til dømes Ordbog over det danske Sprog, der både opphavet til orda og eventuelle tydingsendringar blir grundig drøfta.

Eit sjekk i Norsk Ordbok stadfestar synet til Fridtun. Norsk Ordbok harvigd endå mindre plass til etymologi. På «øl» står det til dømes berre «norrønt ol», det samsvar ikkje med Bjorvands utgreiing.

– Det har vore tale om manglande finansiering til NAOB. Kan det ha påverka arbeidet?

– I så fall burde ordbokredaksjonane ha gjort eit val: anten arbeide skikkeleg med dei etymologiske utgreiingane eller sløyfe dei.

Språkforskar og historikar Roger Lockertsen har tidlegare meldt band av Norsk Riksmålsordbok. Då reagerte han på bruken av «dial.», altså «dialekt», ved nynorske ord:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement