Dag og Tid får bridgespalte

Erlend Skjetne skal skriva om bridge i turnus med sjakkmannen Atle Grønn.

Erlend Skjetne skal skrive om bridge i Dag og Tid.
Erlend Skjetne skal skrive om bridge i Dag og Tid.
Publisert

«Sjakkspelarar er generelt ikkje kule.» Sitatet er ditt, Erlend Skjetne, frå bladet Bridge i Norge i 2021. No skal du skriva om bridge i turnus med sjakkspalta til Atle Grønn. Du er modig.

– Eg hadde ikkje trudd at nokon utanfor bridgekrinsar skulle lesa desse orda. Fråsegna var eit uttrykk for frustrasjon over at sjakken har opplevd ein enorm vekst som ikkje har vorte bridgen til del. Men bridge er minst like interessant. Det er ikkje vanskeleg å læra, det er sosialt og morosamt, og kan nok, for mange lettliva sjeler som meg sjølv, passa betre som hobby enn den tunge og alvorlege sjakken.

– Kva har bridgemiljøet å tilby som ikkje sjakken har?

– Bridge er eit parspel som tvingar fram sosiale sider jamvel ved spelarar som eigenleg er anti­sosiale. Bridgen er klasselaus – eg hugsar ei historie om ein bankdirektør som spela i makkerskap med ein sjuskete type, nærast ein uteliggjar, og det var denne mannen som kjefta på bankdirektøren for elendig spel, ikkje omvendt. Kort sagt trur eg at det er fleire festlege karakterar i bridgen enn i sjakken, utan at eg har noko som liknar på faktagrunnlag for denne påstanden.

– Atle Grønn er positiv til å veksla med deg annakvar veke. Faktisk er det han som har føreslått deg. Han har lese romanen din, Kleda er gjennomvåte, og meiner du skriv godt.

– Det er berre å takka og bukka. Atle Grønn ein framifrå formidlar som på mirakuløst vis greier å gjera ei sjakkspalte så god at sjølv eg les ho. Det er med ærefrykt eg går inn i turnus med han. Om litt fleire sjakkspelarar hadde verka helvta så interessante som Grønn, ville eg ha vurdert å byrja med sjakk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement