Dag og Tid får bridgespalte
Erlend Skjetne skal skriva om bridge i turnus med sjakkmannen Atle Grønn.
Erlend Skjetne skal skrive om bridge i Dag og Tid.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Bridge
svein@dagogtid.no
– «Sjakkspelarar er generelt ikkje kule.» Sitatet er ditt, Erlend Skjetne, frå bladet Bridge i Norge i 2021. No skal du skriva om bridge i turnus med sjakkspalta til Atle Grønn. Du er modig.
– Eg hadde ikkje trudd at nokon utanfor bridgekrinsar skulle lesa desse orda. Fråsegna var eit uttrykk for frustrasjon over at sjakken har opplevd ein enorm vekst som ikkje har vorte bridgen til del. Men bridge er minst like interessant. Det er ikkje vanskeleg å læra, det er sosialt og morosamt, og kan nok, for mange lettliva sjeler som meg sjølv, passa betre som hobby enn den tunge og alvorlege sjakken.
– Kva har bridgemiljøet å tilby som ikkje sjakken har?
– Bridge er eit parspel som tvingar fram sosiale sider jamvel ved spelarar som eigenleg er antisosiale. Bridgen er klasselaus – eg hugsar ei historie om ein bankdirektør som spela i makkerskap med ein sjuskete type, nærast ein uteliggjar, og det var denne mannen som kjefta på bankdirektøren for elendig spel, ikkje omvendt. Kort sagt trur eg at det er fleire festlege karakterar i bridgen enn i sjakken, utan at eg har noko som liknar på faktagrunnlag for denne påstanden.
– Atle Grønn er positiv til å veksla med deg annakvar veke. Faktisk er det han som har føreslått deg. Han har lese romanen din, Kleda er gjennomvåte, og meiner du skriv godt.
– Det er berre å takka og bukka. Atle Grønn ein framifrå formidlar som på mirakuløst vis greier å gjera ei sjakkspalte så god at sjølv eg les ho. Det er med ærefrykt eg går inn i turnus med han. Om litt fleire sjakkspelarar hadde verka helvta så interessante som Grønn, ville eg ha vurdert å byrja med sjakk.
– Du har nettopp hatt ein sterk og særs god serie her i avisa om korleis det er å ha eit barn med ei alvorleg psykisk utviklingshemming. No skal du skriva om bridge. Kva er det med sjølve spelet i bridgen som fascinerer deg?
– Ein runde bridge varar berre i rundt ti minutt, men i laupet av desse minutta kan mykje skje. Bridgen er variert og utfordrar den logiske tenkinga på intrikat vis. Men så er det ikkje «rein» logikk heller, det handlar om å skjøna korleis andre menneske tenkjer. Ingen forventar at ein skal sitja og vera musestill ved bridgebordet, litt temperament og nokre småfrekke kommentarar er berre av det gode, og kanskje nettopp difor er det eit spel omgjeve av frodig humor og tallause gode historier.
– Grønn er internasjonal meister. Kva har du å visa til?
– Ikkje stort. Eg har tittelen stormeister, men rankingsystemet i bridgen er nokså utvatna, så det er ikkje noko å leggja vekt på. Eg var på Noregs juniorlandslag og har teke nokre medaljar i internasjonale ungdomsmeisterskapar. No har eg ikkje lenger vinnarviljen og den skjerpa hjernen ein treng for å prestera på høgt nivå. Så då passar det fint å heller skriva om bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Bridge er eit parspel som tvingar fram sosiale sider jamvel ved spelarar som eigenleg er antisosiale.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.