JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Då revolusjonen vart røysta ned

Når ein lærar døyr, er det ikkje berre eit menneske som går bort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein lærar lèt etter seg liv som er vortne endra i læreprosessen, der nett læraren er ein nøkkelfigur, som professor Isaac Kramnick.

Foto: Cornell University

5498
20200110
5498
20200110

Vi veit alle at lærarar ikkje berre skal formidla og forklara eit stoff. Dei skal òg med personleg veremåte, eigen stil og engasjement få elevane til å skjøna kva erkjenning er, kva som er gleda ved å læra, korleis det er ein samanheng med det du veit og skjønar, og kven du er som menneske. Å sjå handlingar som ei naturleg følgje av erkjenning.

Å utvikla denne nyfikne sida ved den einskilde er hovudmålet til pedagogikken, slik eg ser det. Eksamen er ein konsekvens av dette, ikkje omvendt.

Bård skulemeister hjå Bjørnson var både frykta og elska. Å ha autoritet som pedagog er eit privilegium, men det inneber òg eit tungt ansvar, for du rører ved livet til andre. Bård skulemeister vart hugsa i kraft av alt dette.

Nett desse tankane gjer at eg i dag vil dela nokre minne frå tida mi som student ved Yale i USA frå 1969 til 1975. Det gjer eg fordi eg akkurat fekk melding om at ein av dei flottaste professorane eg hadde der, Isaac Kramnick, nett er avliden, 81 år gamal.

Kramnick var eit ideal. Med spesialemna politiske ideologiar, revolusjonsteori og britisk-amerikansk politisk teori, især på 1700- og 1800-talet, tok han oss med i dei politiske grunnspørsmåla. Ikkje tilfeldig var tittelen på kurset eg tok hjå han den fyrste tida på Yale, «Det filosofiske grunnlaget for aktuelle politiske stridsspørsmål».

Det handla om sivil ulydnad (me las om Henry Thoreau ved Walden Pond), svart frigjering (me las Black Panther-ideologen Eldrige Cleavers Soul on Ice før han vart høgreideolog), Herbert Marcuses essay om «repressiv toleranse» (skjøna ikkje då kor totalitært det er), om borgarløn, om anarkisme og politisk autoritet (anarkistar vil ha bort all autoritet, som kjent), om politisering av universiteta (eit frampeik om debatten i dag om ytringsfridom på dei høgare lærestadene), om fridom (me las John Stuart Mills flotte essay frå 1859) og om høgsterett og lovoverprøvingsretten i USA som me ikkje har i same omfang her heime.

Kramnick bora djupt og bad oss følgja resonnementa til endes – og snusa opp blindflekker i tenkinga, uansett posisjon i politikken. Eg lærte meg ideologianalyse. Det har kome godt med i alle slaga med norske romantikarar av Mao-typen.

Kramnick var ein framifrå pedagog, og han vart ein sterk forsvarar av «the undergraduates», studentane i dei fyrste fire åra på universiteta. Det fyrste han sa, var at alle på kurset hans måtte koma saman på førehand fordi emna var så personlege. Vi måtte kjenna kvarandre for å kunna tala fritt. Det har eg teke etter i alle år ved eit universitet. Men eit hovudproblem i Noreg er at dei fleste studentane er så tause.

Kramnick var sjølv eit førebilete: Han var skarp, personleg og vittig, krydra framstillingane med eigne opplevingar og synte ein sann distanse til alle overleverte sanningar. Han såg amerikansk politikk nedanfrå, ikkje ulikt Howard Zinns klassikar A People’s History of the United States, men utan å bli partisk politisk.

At han ikkje var religiøst truande, og det ein kunne kalla venstreliberal, kom meir fram i det han skreiv. Til dømes om den amerikanske grunnlova, som han slo fast var «gudlaus». Der tilbakeviste han alle freistnader frå høgre på å blanda stat og religion. Grunnlovsfedrane var alle overtydde om kor skadeleg det var å gjera staten til eit religionssubstitutt.

Kramnick etablerte seg som ein spesialist på 1700–1800-talets britiske og amerikanske politiske idéhistorie og stod for klassikarutgåver av Alexis de Tocquevilles Democracy in America, James Madison et als The Federalist Papers og Tom Paine, alle med fyldige innleiingar. Han stod òg for antologiar over amerikansk politisk tenking i ljos av opplysingstida og fekk ut bøker om dagsaktuell politikk i Storbritannia – som thatcherismen i 1980-åra. Eg skulle gjeve mykje for å høyra Kramnick kommentera brexit.

Denne interessa for Stor-britannia vart krona med biografien over statsvitaren og Labour-politikaren Harold Laski (d. 1950). Han vart eit symbol på den intellektuelle i politikken. Laski var professor ved London School of Economics og ei tid (valt i 1945) leiar i Labour. Laski streva fælt med å understreka at revolusjonen berre kunne koma etter at eit fleirtal i folket hadde sagt ja, altså etter eit val. Ei sjølvmotseiing, som mange vil seia: Revolusjon kan ikkje vedtakast.

Laski såg på sosialismen som svaret på «the crisis of democracy» i 30-åra, ikkje ulikt Léon Blum i Frankrike på same tid, også ein intellektuell i politikken, og ein som freista definera kva revolusjon skulle vera. I det heile: Her syner Kramnick korleis biografiar kan gje oss alle dei motsetnadene som aktiv politikk gjerne fører med seg.

Våren 1970 tok eg kurset hans om revolusjonar. Det var då opprør på Yales campus, med anti-Vietnam-demonstrasjonar og støtteaksjonar for Black Panthers. Ein gong trengde eit tital Black Panthers-sympatisørar inn i auditoriet og kravde å få tala. Kramnick sa han var demokratisk innstilt og ville spørja studentane – oss – om vi ville høyra på dei. Det ville me, med ei lite fleirtal. Men dei var så dårleg førebudde at det meste vart vås.

Dei kom att neste veke, men då vart dei røysta ned og luska slukøyrde ut av salen. Slik røysta Kramnick revolusjonen ned.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grunnlovsfedrane var alle overtydde om kor skadeleg det var å gjera staten til eit religionssubstitutt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis