Då Karl Marx stod opp att i TrierKina har gjort ære på Karl Marx ved å gje fødebyen Trier ein gigantstatue av filosofen.
Kina har gjort ære på Karl Marx ved å gje fødebyen Trier ein gigantstatue av filosofen. Ikkje alle er like glade for gåva.
Ministerpresident Malu Dreyer talte ved avdukinga av gigantstatuen av Marx i heimbyen Trier. Han hevda at det ikkje var samanheng mellom filosofien til Karl Marx og dei tallause brotsverka som blei utførde i namnet hans.
Foto: Wolfgang Rattay/Reuters/NTB scanpix
Sist laurdag var det 200 år sidan den tyske filosofen Karl Marx blei fødd i den tyske byen Trier i Moseldalen. Då blei det avduka ein kjempestatue av Marx midt i sentrum av byen.
Det nye monumentet står på territoriet til den demokratiske staten Tyskland, men ingen av kostnadene med statuen er betalte av Tyskland. Det var folkerepublikken Kina som fekk laga statuen, frakta han halve jorda rundt og sett han på sokkel i Trier. Kina er ein diktaturstat som fengslar politiske avvikarar og sensurerer alle meiningsytringar, og gåva har ført til hissig ordskifte i Tyskland.
Eiter og galle
Ein av dei som på førehand gjekk hardast ut mot Marx-prosjektet i Trier, var Hebertus Knabe. Han er sjef for dokumentasjonssenteret i Hohenschönhausen i Berlin, eit av dei illgjetne forhøyrs- og tortursentera til dei sovjetiske og austtyske hemmelege tenestene fram til DDR-staten braut saman i 1989/1990. Som ein av dei som er ansvarleg for å ta vare på minna frå DDR-tida, er Knabe ikkje uventa full av eiter og galle:
Ein statue av ein kontroversiell person må spegla av det motsetningsfylte i personen og invitera til kritisk debatt, sa Knabe i eit intervju med det tyske magasinet Cicero. Slik blir det ikkje i Trier. Gigantstatuen, som ragar fem og ein halv meter over bakken, er meint som ei eintydig hylling av Marx, og inviterer ikkje til refleksjon. Aller verst er det at statuen er gjeven som ei gåve frå Kina. Bystyret i Trier kunne gjerne markere at det er 200 år sidan Karl Marx vart fødd i byen. Men ein treng ikkje å leggja seg flat for diktaturet, meinte Knabe.
Kina til stades
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.