Brend av GudEskil Skjeldal, statskyrkjepresten som vart katolikk og så mista trua, har skrive bok om den seige kampen som gjorde han til agnostikar.

Eskil Skjeldal, statskyrkjepresten som vart katolikk og så mista trua, har skrive bok om den seige kampen som gjorde han til agnostikar.

Eskil Skjeldal og sonen Samuel på kyrkjetrappa til Gimsøy kirke. Foto: Tore Erik Mohn
Eskil Skjeldal og sonen Samuel på kyrkjetrappa til Gimsøy kirke. Foto: Tore Erik Mohn
Publisert

Eg slepper deg utan at du velsignar meg er ei forteljing om korleis trua voks fram og vart styrkt gjennom musikk og biletkunst, og om korleis manglande svar frå Gud i ei personleg krise med skilsmisse og tapet av ein god ven, fjerna trua på at det finst ein Gud som bryr seg og vil hjelpe den einskilde.

At trua på Gud er borte, vil ikkje seie at Eskil Skjeldal (43) set spørjeteikn ved all religion. Framleis har han stor respekt for trua og den kristne religionen, og han kjenner ingen trong til å rope ut på torget kva erkjenningar han sjølv har funne fram til.

– Eg lyttar stadig med interesse når folk fortel meg om gudsrøynslene sine, og eg synest det er flott at folk får noko ut av trua si. Den innsikta eg sjølv har vunne, er like personleg som trua mi var, og ikkje noko å allmenngjere. I den grad boka er polemisk, er det retta mot meg sjølv. Det er snarare ein fortvila tekst som eg ynskte å fullføre med verdigheit.

– Det ligg eit paradoks i boktittelen; du vender deg til ein gud du ikkje lenger trur på?

– Eg kjende at dette var dekkjande for tonen i boka, der eg heile vegen er usikker på om Gud berre er ei vrangførestilling. Eg tvilte på alt i denne prosessen. Også på tvilen min. Tittelen viser til Jakobs kamp med engelen i 1. Mosebok, men skal òg ha fram den sterke dialogen med ein eg trudde var Gud.

– Du skriv: «Eg sette all mi lit til Gud. Men Gud er ikkje ei god fe.» Visste du ikkje det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement