Krig og KI

«Karar, ikkje kom. Dette er ein dronekrig»

Betre militærdronar, rimelege forbrukardronar og smartare kunstig intelligens har skapt ein ny type krig der dronar, ikkje soldatar, dominerer på slagmarka.

Ein medlem av den 13. Operative Purpose-brigaden, med kallenamnet «Khartiia», i Ukrainas nasjonalgarde, installerer eit nett mot dronar ved frontlinja i Kharkiv-regionen i Ukraina 19. juli 2025.
Publisert Sist oppdatert

«På slagmarka såg eg ikkje ein einaste ukrainsk soldat. Berre dronar. Eg såg dei [ukrainske soldatar] først då eg overgav meg. Berre dronar, og det er utruleg mange av dei. Karar, ikkje kom Dette er ein dronekrig.»

Denne utsegna frå ein fanga russisk soldat, sitert i ein rapport frå Center for Strategic & International Studies, ein tenketank i Washington DC, syner godt rolla dronar speler i konflikten i Ukraina. 

Den russiske soldaten oppfordrar sine eigne til å halde seg vekke. Ukraina, derimot, har ikkje noko anna val enn å prøve å halde soldatane sine vekke frå slagmarka. Russlands fordel i tilgang på rekruttar tvingar Ukraina til å gjere ting annleis. I staden for å sende menneske til slagmarka, vil Ukraina sende maskinar og teknologi. 

Maskinane som har vekt mest oppsikt, er flygande dronar. Dei speler no ei dominerande rolle i krigsbiletet. Ifølge kommandantar står droneangrep no for opp mot 70 prosent av drepne og skadde i krigen på begge sider. I tillegg til fjernstyrte dronar blir dronar med autonome eigenskapar – til dømes å styre utan operatør eller sjølv velje angrepsmål – stadig viktigare.

Korleis har me enda opp her, langt på veg inn i ein ny type krig der soldatar står i større fare for å bli drepne av fjern- og sjølvstyrte maskinar enn av andre soldatar med skytevåpen? Tre trendar har vore spesielt viktige. 

Betre militære dronar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement