Bokfremjaren Dolly Parton Den amerikanske countrystjerna har bidrege til å gje 100 millionar bøker til barn.

Den amerikanske countrystjerna har bidrege til å gje 100 millionar bøker til barn.

Dolly Parton (72) er velkjend som countrysongar, låtskrivar og skodespelar. Denne veka vart ho òg feira som The Book Lady, ein tittel som ifølgje Washington Post er den som betyr aller mest for Parton sjølv.

I 1995 starta ho programmet Imagination Library, som sender ut bøker gratis til born for å stimulere til leselyst. 23 år seinare er det delt ut 100 millionar bøker gjennom programmet. Det vart feira ved at Parton donerte bok nummer 100 millionar, eit eksemplar av hennar eiga biletbok for barn, Coat of many colors, til nasjonalbiblioteket i USA, Library of Congress.

Prosjektet starta på heimstaden hennar i Sevier County i delstaten Tennessee og spreidde seg sidan USA rundt, deretter til Canada og så til Storbritannia og Australia. Familiar som registrerer seg, får tilsendt ei bok i månaden frå borna er fødde til dei startar i barnehagen. Ifølgje nettsidene til programmet har over ein million born delteke i programmet.

Parton sjølv voks opp i ein heim utan andre bøker enn Bibelen. Ho har fortalt at ho starta programmet for å ære faren sin, Robert Lee Parton sr., som sjølv aldri fekk gått på skule eller lærte å lese og skrive.

– Han var ein smart mann, og eg tenkjer ofte på kva han kunne vorte om han hadde fått gå på skule, uttalte ho i eit intervju i Dagbladet i 2008.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement