Bokforfattarane bitstDen norske Forfatterforening har fått ein konkurrent. LitteraturHåvard Rempost@rem.no

Den norske Forfatterforening har fått ein konkurrent.

Leiar av Det litterære råd, lyrikar og forfattar Kristine Næss.
Leiar av Det litterære råd, lyrikar og forfattar Kristine Næss.
Publisert

No kjem ein konkurrerande organisasjon, Norske forfattere, 125 år etter at Den norske Forfatterforening (DnF) vart skipa, Viktig for opprettinga har vore skepsisen til kvalitetskriteria DnF nyttar for å nekta forfattarar medlemsskap.

Eit råd av forfattarar som alt er medlemar, Det litterære Råd, vurderer kvaliteten. Av søkjarar som i seinare år har vorte nekta medlemsskap, finn ein renommerte forfattarar som Morten Strøksnes, Ivo de Figueiredo og Frid Ingulstad. Grunngjevinga har vore hemmeleg.

Det litterære Råd avgjer ikkje berre om du vert medlem, men òg om du får stipend frå dei relativt store midlane til organisasjonen. Vidare vert òg søknadar om statlege forfattarstipend avgjorde av forfattarrådet.

Det litterære Råd har òg innverknad på om ein forfattar får kjøpt inn boka si til biblioteka, av di rådet foreslår medlemar til vurderingsutvala for Innkjøpsordninga. Dimed har rådet òg innverknad på om boka kjem i bokhandel, ettersom bokhandelordninga tek utgangspunkt i dei bøkene som vert omfatta av bibliotekordninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement