Bok
Travel diktarhøvding
Edvard Hoem inne i sin kanskje travlaste periode. – Eg har aldri hatt det betre, seier diktarhøvdingen.
Edvard Hoem runda 71 år 10. mars og meiner han aldri har hatt det betre.
Foto: Jan Inge Fardal / NPK
– Velkommen, men det blir verken handtrykk eller klem, seier verten når me stig inn i det heimekoselege kontoret hans i etasjen over puben The Dubliner i Rådhusgata i Oslo.
– Me må ta det som skjer med koronaviruset, på største alvor. Og for oss over 70 år er dette ikkje ein spøk, mange eldre blir sjuke og døyr. Me er folk, me òg! Dessutan finst det nok av døme i historia på kor gale det kan gå når slike epidemiar tek av.
Edvard Hoem er aktiv som aldri før. Først var det kongeleg heider då han vart slått til kommandør av St. Olavs orden.
– Det er ei stor ære som eg verkeleg set pris på, seier han.
Forfattaren trivst når han kan sitja og skriva, helst frå klokka 09.00 til 19.00 kvar einaste dag, men han likar òg å vera på farten.
– Dei siste 25 åra har eg reist mykje rundt i landet, snakka om bøkene mine, halde føredrag og møtt folk. Eg skriv alltid når eg er på reise.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.