Bok

Nytt frå Numedal

Lindeman kom aldri til Numedal, men no er songskatten samla av kvedar Åsne Bergset og professor Anne Svånaug Blengsdalen.

Musikkhistorieprofessor Anne Svånaug Blengsdalen har vore redaktør for kvedaren Åsne Bergsets samling av songtekstar og folkesong frå Numedal.
Musikkhistorieprofessor Anne Svånaug Blengsdalen har vore redaktør for kvedaren Åsne Bergsets samling av songtekstar og folkesong frå Numedal.
Publisert

Til bladstova i Oslo kjem ei høgreist kvinne med ei rykande fersk bok frå eit prenteverk i Groruddalen, Ord og tonar, ei samling av songtekstar frå ein heilt annan dal, Numedal, det sørvestlegaste av dei store dalføra i Aust-Noreg. Anne Svånaug Blengsdalen er professor i musikkhistorie og -formidling ved Universitetet i Søraust-Noreg, med arbeidsstaden i Bø i Telemark, med oppvekst i grenda Miland ved Rjukan i Tinn kommune, med utsyn mot Gaustatoppen, i dag busett i Kongsberg, porten til Numedal, dalføret ho har utforska musikkhistorisk i mange år.

For snart ti år sidan resulterte det i storverket Takt og tonar. Soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal (2011), med Blengsdalen som forfattar og redaktør. I desse dagar kjem framhaldet og oppfylgjaren, Ord og tonar. Folkesong i Numedal.

Folkesong

I eit føreord skriv kvedaren Åsne Bergset frå Veggli: «Eg voks opp med skillingsviser, sunge av mor og syster, og var ungdom under visebølgja som fór over Skandinavia på 1970-talet. Eg fekk lyst til å finne ut meir om visene som hadde levd her i dalen, men det var ikkje så enkelt. Her i Numedal hadde det ikkje vore nokon songtradisjon, fekk eg høyre.»

Det var feil, fann Bergset snart ut. Folkesong hadde det vore, der som andre stadar, men det som var rett, var at det hadde kome få samlarar til Numedal. Folkemusikkens Ivar Aasen, Ludvig Mathias Lindeman (1812–87), som fór kring i landet og samla tonar slik Aasen samla ord, kom aldri til Numedal. Han var i nærleiken, både i aust og vest, i Telemark og Hallingdal, og elles i store delar av landet.

Til Numedal kom samlarane seint og sjeldan. Dimed tok kvedaren Bergset til å samla sjølv. I fleire tiår har ho dokumentert den vokale folkemusikktradisjonen i heimdalen. Så byrja musikkhistorieprofessor Blengsdalen å systematisera samlinga, dela henne inn i kapittel, forsyna dei med introduksjonar, og no er verket på marknaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement