Bok

Frå bakgatene i lukkelandet

Arild Rein har skrive ein hardkokt roman om skruppellause alfadyr i rotteracet.

Arild Rein skriv om Stavanger i tida før finanskrisa i 2008.
Arild Rein skriv om Stavanger i tida før finanskrisa i 2008.
Publisert

Vonbrotet var stort for mange då det vart klart at neste sesong av suksesserien Lykkeland ikkje kjem før i 2020, slik at ein lyt venta heilt til dess, minst, før ein får vita korleis den unge amerikanaren sentralt i handlinga tek det når det demrar for han at han risikerer å få ein svigerfar som heiter Hardon. Akk og ve! Men i mellomtida kan ein lesa romanen Rotteland av Arild Rein, og dermed få sjå vrangsida av lukka, nokre tiår seinare, men i same område, altså Stavanger. Eller kanskje ikkje.

Snarveg til rikdom

Romanen har to hovudpersonar, Ronny og Nadia, og medan Nadia opererer i gråsona mellom dans og prostitusjon, slår Ronny seg opp frå å vera ein som bur i bilen og lyt stela seg til frukost, til å verta ein storseljar i det lugubre utsugarfirmaet St. Olav Invest, som vert drive av dritsekken Frank Hammer. Produktet Ronny skal selja, er ulike investeringsobjekt som har den eigenskapen at dei gjer seljaren rik og kjøparen fattig. Dette er snarvegen til rikdom, og han er sikker, for alle Ronny kjem i profesjonell kontakt med, er idiotar, med andre ord slike som trur på det store varpet.

Dei som har sett filmen The wolf of Wall Street, eller som kjenner til boka han er basert på, skriven av hovudpersonen sjølv, Jordan Belfort, vil kjenna att mykje av metodane til Hammer & co, og ikkje så reint lite av språkbruken. Boka og filmen til Belfort får til dels publikum til å måpa, det er nesten uråd å tru at det kan vera sant, det som der kjem fram, om sleipe salsmetodar, enorme pengesummar, ubegripeleg luksus og motbydeleg framferd, men ein slår seg nesten til tåls med at det trass i alt var i Junaiten dette hende.

Ein trur i alle høve ikkje at noko liknande kunne gå føre seg i Stavanger, men så får ein lesa boka til Arild Rein, og så, ja, så trur ein det ikkje heilt likevel. Det vil seia: Eit stykke på veg er det jo etterretteleg. Dei som tener seg styrtrike på triksing med andre folks pengar, er ikkje dei saktmodige og audmjuke. Belfort kallar dei ulvar, Rein tykkjer rotter høver best. Det er noko dyrisk over dei, men det er det dyriske i mennesket, den absolutte egoismen, som kjem til syne, så reinska for alt kontrasterande at personane står fullstendig eindimensjonale attende. Då vert dei til karikaturar, og det er ikkje noko gale i det i ei bok, faktisk trur eg at ein del av dei som verkeleg steig og fall med konjunkturane før, under og etter finanskrisa rett og slett var karikaturar i levande live, men i ein heil roman, som den Rein har skrive, hadde det vore kjekt å sjå eit par siviliserte, sympatiske og kloke personar også.

Kraftfull karikatur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement