Bok

Det norske språkmangfaldet

I det vi kan kalle ein apetittvekkar, tek Pål Kristian Eriksen for seg 23 nye språk i Noreg.

Publisert

Pål Kristian Eriksen er fødd i 1975, i eit Noreg som i dag fortonar seg som språkfattig. Det er ikkje heilt rettvist å sjå det slik, men nordmenn flest trong i alle fall ikkje å tenkje på andre språk enn engelsk, tysk og fransk, og sjølvsagt dei skandinaviske grannespråka, i 1975. I tillegg hadde vi samisk og kvensk, romani og teiknspråk, men få brydde seg om det, og så litt panjabi, som enda færre visste om.

Men verda var stor og språkrik, og etter kvart kom verda også hit til Noreg i langt større grad enn før. Eriksen er det ein utan å vere nedlatande kan kalle ein språknerd. Han er no konsulent for minoritetsspråk i Språkrådet og har komme til at det for lengst er på tide å gi ei skikkeleg orientering om språkmangfaldet vi har i dag, for det store fleirtalet av nordmenn som ikkje er språknerdar.

Ni kapittel

Nye språk i Norge inneheld omtalar av 23 språk, rett nok ganske ulike i lengd og gjennomarbeiding. Forfattaren presiserer at dette berre er ein brøkdel av språka som finst, men vi har ikkje statistikkar gode nok til å kunne gi noko presist tal. Dei språka han har valt ut, kan i alle fall reknast som dei største og viktigaste blant minoritetar i Noreg. I eit innleiingskapittel gir han ein bakgrunn og litt leserettleiing, og der forklarer han kvifor han no, i 2019, ikkje tar med dei språka som det ville ha vore naturleg og enkelt å skrive om i 1975. Det er dei nye språka vi er blitt kjende med i hans levetid, som her står i sentrum for interessa.

Boka har ni kapittel attåt innleiinga. Dei fleste av dei omtalar eitt, to eller tre språk. Kapitteltitlane antydar innfallsvinkelen, så eg refererer dei her:

Først kjem dei slaviske språka, primært polsk og russisk: «bak et språklig jernteppe?». Så arabisk: «beduinspråket som erobra Midtøsten». Deretter somali: «et handelsspråk på Afrikas horn». Og tyrkisk: «ned fra steppene på hesteryggen». To indoeuropeiske språkfamiliar får kvar sitt kapittel, først dei iranske, representerte med kurdisk, persisk og pashto i «våre slektninger i Midtøsten», og så nokre indiske: urdu, hindi og panjabi: «hinduer og muslimer må jo ha hvert sitt språk?». Tamil får eitt kapittel: «i slekt med urspråket i Indusdalen?». Og så kjem to søraustasiatiske språk som ikkje er i slekt med kvarandre: vietnamesisk og thai: «umulig å være tonedøv i Indokina», forsikrar Eriksen. Det vart 14 språk, og dei 9 siste samlar han miniomtalar av i eitt kapittel: litauisk, latvisk, albansk, tsjetsjensk, yoruba, igbo, amharisk, tigrinja og filippinsk. Eg går ikkje inn på dette her; alle som blir nysgjerrige på noko, må gå til sjølve boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement