Bokessay

Blodmånen over oss – ei historie om fascisme og omvending

Den franske forfattaren Georges Bernanos står i klassikarhylla og er aktuell som aldri før. Som ihuga katolikk tok han eit flammande oppgjer med fascistar og si eiga kyrkje.

Georges Bernanos var medlem i den konservative og antisemittiske organisasjonen L’action Francaise og såg i byrjinga av den spanske borgarkrigen Francisco Francos soldatar som krossfararar – til han blei råka av ei anna røynd.
Publisert

Ein mann driven av tvil set seg ned ved eit kafébord i Palma de Mallorca, han slåst med orda som må ned på det kvite arket. Høgrekreftene han har støtta, er i ferd med å vise sitt sanne ansikt. Året er 1937, Georges Bernanos har jubla for kuppet som er sett i gang av general  Francisco Franco, hans eigen son Yves er med i dei fascistiske styrkane som kjempar seg fram mot Madrid. Men her på Mallorca opplever romanforfattaren Bernanos no ei røynd som krev at han må bruke pennen på ein annan måte enn før.

Hendingane krev ord som blir trudde. Og han veit kva han risikerer, med eigne auge ser han nesten dagleg kva som kan skje med dei uønskte. Bernanos nøler, grip til pennen og erkjenner at han nøler, men bestemmer seg for å skrive. Ikkje for å dytte ei meining på andre, ikkje for å støyte, men for å kunne leve med seg sjølv resten av sine dagar. 

Og kanskje er det særleg avgjerande for det smertefulle valet at han fekk sjå sonen Yves gråte og flerre opp den blå fascistskjorta si etter å ha opplevd at to fattige småbønder frå Palma utan vidare vart avretta.

Uønskte ord

Georges Bernanos er sjølv av spansk ætt, men har status som ein vellykka fransk, katolsk forfattar. Den nyaste romanen hans, En landsbyprests dagbok (omsett til norsk av Hans Aaraas i 1993), har fått gjennomslag, frå før er han særleg kjent for romanen Under satans sol.

Den 49 år gamle Bernanos var i mange år aktivt medlem i den konservative og antisemittiske organisasjonen L’action Francaise, ei markant stemme mot venstresida i fransk politikk. Han kjende kanskje ikkje til kva rolle den mektige spanske kyrkja hadde i Francos oppreist, før han på Mallorca opplevde det ved nærsyn. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement