Blix-salme i kvitsunn

Elias Blix, teikna av sonen Ragnvald Blix.
Elias Blix, teikna av sonen Ragnvald Blix.
Publisert

Eg vil her ta fram ein pinsesalme, der det fyrste verset går slik: «Kved opp, Guds folk, syng høgt i kor! No er det kvitsunnhelg på jord. Guds Ande kjem med heilag glo, kved opp, Guds folk, med helgaljod!» (Norsk Salmebok 2013, nr. 235).

Kvitsunn er det vestnordiske ordet for pinse. «Då kvitsunndagen kom, var dei alle samla», står det i konfirmasjonsbibelen min (Apostelgjerningane 2.1). Tilsvarande er ordet på færøysk og islandsk. I ein Blix-salme er det kvitsunnhelg, ikkje pinse.

Eg merkar meg uttrykket «heilag glo». Dette er nok knytt til omtalen av eldtungene i Apostelgjerningane. Endå to gonger er ordet «glo» å finna i salmen. I vers 7 i versjonen som står i Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular (Arne Garborg og Ivar Mortenson, 1885), vert det konstatert at «vaart hjarta utan deg er daudt (…) som aare utan eld og glod». Og i vers 8 ser vi ei bøn: «Kom ned med glod i sloknad brand!»

Eg merkar meg vidare ordet «Kom!» Både vers 6, 8, 9 og 10 tek til med dette ordet. I vers 8 er «kom» endåtil brukt fire gonger: «Kom ned med liv i aude land! Kom ned med glo i slokna brann! Kom ned som sol på frosne eng! Kom ned som ljod på tagna streng!» I ein lett forståeleg biletbruk uttrykkjer salmediktaren her ei bøn, ei påkalling av Guds ande. Kom og vekk oss opp, gjev liv, kveik, ljos og varme!» Og så ljod, jamfør «Kved opp».

Dei fyrste versa har mest ei forteljande form. Det handlar om Guds ande som kjem. Ikkje berre kom, men «til si kyrkje enno kjem». Ja, «uti sin heilagdom til alle som gjev honom rom». Han kan opplevast på ulike vis, i storm og i stilla. Det er til hjarta han går inn: «som ljoden av ein heilag song, så underleg ei toneferd som helsing frå ei høgre verd». Sterke, vakre uttrykksmåtar, spør du meg.

Dei siste versa har mest ei bøneform. Det er her ordet «Kom!» har fått sin heilt spesielle plass. Her ligg nok ein tanke og ei meining bak. Bøn er viktig. Blix er i salmane sine elles ein truslærar. Gjennom det heile er han her tett på Luthers forklaring til tredje trusartikkelen: «Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru (…) Men Den Heilage Ande har kalla meg» og så vidare. Det går ikkje utan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement