Blei med dyra inn i skogenI sin nye, dystopiske roman tar Ingeborg Arvola revens perspektiv. Skogen er tømt for dyr.
I sin nye, dystopiske roman tar Ingeborg Arvola revens perspektiv. Skogen er tømt for dyr.
Norsk-finske Ingeborg Arvola gir ut sin syttande bok. Norsk-finske Ingeborg Arvola gir ut sin syttande bok.
Foto: Cappelen DammFoto: Cappelen Damm
Den norsk-finske forfattaren Ingeborg Arvola er bokaktuell på nyåret med Vilkår for liv der vi får innblikk i tankane både til forskaren Vemund og til Ni, ein rev i skogen. Boka er Arvolas syttande: I 1999 debuterte ho med romanen Korellhuset, ei bok om det å sakne ei mor. I Vilkår for liv går handlinga føre seg i skogen. Det er lite dyr att, for dei fleste dyreraser er utrydda.
– Eg trur det begynte med at eg skreiv: «Min far var den siste hannreven.» Der og då var det for å framheve reven Ni, skilje henne ut, men det vart også ein premiss. Viss han var den siste, var det ikkje fleire. Når Nis mor døyr, er det berre fire ho-revar att.
– Kva vil du seie med boka? Er det ei samfunnskritisk bok?
– Ja, Vilkår for liv er samfunnskritisk. Det også. Eg har tenkt ein del på grunnvatn og jordsmonn og på kva vi menneske seier og gjer. Matjord forsvinn i rekordfart. Eg synest det er skummelt at dette problemet ikkje har ein større plass i kvardagen. Men først og fremst er dette boka om reven Ni. Det var då ho vart skapt, at boka tok form rundt henne.
– Er det første gong vi får høyre tankane til eit dyr? Kvifor har du valt dette grepet?
– Eg har nytta det før, men det var ikkje eit medvite val frå starten av. Ni og Vemund blir merksame på kvarandre i skogen. Kanskje kjenner dei att noko i den andre? Eg starta med nokre tekstar om revar som var møtereferentar i ei slags dystopisk verd. Då var eg utanfor tankane. Eg skildra utanfrå, og det blei ikkje bra. Berre når dyra var dyr i skogen, vart tekstane levande. Så eg blei med dyra inn i skogen – nærmare pelsen, potane, luktene, instinkta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.