JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Bjarne Myrstad
1948–2019

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3265
20190111
3265
20190111

Journalist, forfattar og informasjonssjef Bjarne Myrstad er død, vel 70 år gammal. Det siste året tok sjukdommen stadig meir av kreftene hans. Han sovna inn i heimen sin i Oslo natt til måndag 7. januar med familien rundt seg.

Bjarne Myrstad vart fødd i Selje i 1948. Han gjekk lærarskulen i Volda og tok eksamen i 1971. Det var i redaksjonen av skule­avisa Peikestokken vi først møttest. Peikestokken var den gongen ei felles skuleavis for alle skulane i bygda. Avisa hadde ikkje tradisjon for å provosere. No skulle vi nytente 68-arar gjere reint bord: Harde åtak på USA sin krig i Vietnam, stoff om studentopprøret i Paris og stadige oppgjer med autoritetane sjokkerte lærarar og bygdefolk.

Bjarne Myrstad var med på provokasjonane, men det han gjorde, hadde også eit praktisk siktemål. Han rakk å starte mållag ved Firda gymnas før han flytta til Oslo. Han byrja ved Kristeleg Gymnasium og skipa mållag også der under mottoet «Gjer nynorsk til bynorsk». Han var nestleiar i Norsk Målungdom. Frå 1979 til 1981 leia han Kringkastingsringen og la ned eit stort arbeid for å stimulere til meir bruk av nynorsk og dialekt i radio og fjernsyn.

Han byrja si journalistiske løpebane ved Nynorsk Pressekontor i 1971. Til Dag og Tid kom han i 1974. Det var ei avis som passa ein flittig vestlandsk idealist. Redaksjonen på rundt rekna fire skrivande skulle gi ut to aviser i veka pluss ekstra distriktsutgåver. Sjølv om innsatsen var stor og viljen god, var det ein kamp å få avisa ut.

Flat struktur skulle det vere. Vi smykka oss alle med redaktørtittel og redigerte og skreiv på omgang. Spaltene var vidopne for alle slags ytringar og ein fristad for alle slags frifantar i bygd og by. Vi hadde gode spaltistar og medarbeidarar som NRK-mannen Herbjørn Sørebø og filmskaparen Olav Dalgard og Torolv Solheim. Stundom kunne den aldrande lyrikaren Hans Henrik Holm kome tassande opp dei tunge trappene i Kr. Augusts gate for å treffe ungdommane i bladstova.

Bjarne Myrstad var først og fremst reportasje- og nyhendejournalist. Kystnæringa var ei hovudinteresse. I 1979 braut han opp og flytta til Florø som frilansar. I 1983 vart han tilsett i Bergens Tidende, med særleg ansvar for fiskeri- og havbruksstoff. Det var ikkje mange av yrkesbrørne hans som var meir ute på havet enn han i desse åra. Reportasjane hans vart lagde merke til. I 1990 vart han kalla til Fiskeridepartementet som informasjonssjef og vart talsmann og støytpute for fleire fiskeristatsrådar. Etter åtte år i denne krevjande jobben fekk han stilling som seniorrådgivar med særleg ansvar for å lære departementet å skrive klart og auke bruken av nynorsk. Fiskeridepartementet vart kåra som best av alle departement med 40 prosent nynorsk i den utoverretta verksemda si.

Bjarne Myrstad har skrive fleire bøker med tema frå fiskeri og kystkultur: Vestlandsfiske, ein biografi om Hallstein Rasmussen og historia til fiskeri- og havbruksmessene i Noreg. Han skreiv også 50-årssoga til Bygdelagssamskipnaden i Oslo.

Vi minnest han som hardt arbeidande, nøyaktig, lojal og omgjengeleg, med sans for den gode historia. Han dyrka venskapet og familien. Han elska Selje, Vestlandet og den mangfaldige kystkulturen.

Kollegaer og kameratar lyser fred over hans minne.

Kjetil Tandstad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis