Birgit Halvorsdotter Gjernes
Birgit Gjernes på kontoret i NRK.
Foto: NRK
Birgit Gjernes var ei kjend stemme frå radiosendingar frå femtitalet og seinare også frå TV-produksjonar på seksti- og syttitalet. Ho blei au kjend som artikkelforfattar og biograf om diktarar som Aslaug Vaa og Marie Hamsun. Boka om sistnemnde blei eit høgdepunkt i forfattarskapen til Birgit.
Bakgrunnen til Birgit var frå Nesherad i Telemark. Ho vaks opp på ein gard tett ved Nordsjø, i nærleiken av Gvarv, i tjue- og trettiåra. Såleis fekk ho med seg både mykje god bygdetradisjon og opplevinga av vanskelege økonomiske tider, for så vel arbeidsfolk som bønder.
Ho miste mor si alt som tiåring, noko som kom til å prega henne i ettertid. Ho hadde au såre minne om lokal pietisme som ho stod opp imot. Når ei jamaldra jente frå eit slikt miljø kom til å fortelja unge Birgit at bestemora hennar ville ende i helvete på grunn av at ho røykte pipe, drog Birgit resolutt av seg eine treskoen og delja til den frekke påstandaren i hovudet så det song.
Ei meir rakrygga og usentimental telemarksdame enn Birgit Gjernes skal ein leite lenge etter. Ho hadde ein målretta vilje og eit harmonisk klårsyn i både menneskeleg og fagleg samanheng. Men ho vaks opp med å sjå diskriminering når det galdt løning av kvinneleg arbeidskraft. Birgit blei difor ein tidleg hevdar av kvinnesak.
Med velsigna støtte av far sin tok ho utdaning og kom seg ut i arbeidsliv og samfunnsengasjert verksemd. I nokre år var praktisk jobbing leveveg, men god innsikt og evne innom språk og litteratur førte henne til ei viktig stilling og mange oppdrag i NRK. Ho stod for «Ynskjediktet» i mange år, og ho laga ei rekke kunnskapsmetta og språkvakre program om ulike diktarar og personlegdomar innan kultur i inn- og utland. Ja, ho var dristug i emne. Ho intervjua, saman med Jahn Otto Johansen, jamvel Albert Speer på syttitalet.
Ho var den fyrste hallodama som nytta nynorsk i NRK, der ho jobba nesten 40 år. Av skular ho gjekk, kan nemnast at ho tok examen artium som privatist på engelsklina ved Grimeland skule i Oslo. Deretter studerte ho song og stemmebruk ved Musikkonservatoriet i fire semester og vidare byrja ho på filologi ved universitetet. Ho vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag, engelsk og norsk sidefag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.