– Biblioteka er ikkje utlånsstasjonar– Biblioteka må redusere dei 18 millionar bøkene i hyllene til 10 til 15 millionar.

– Biblioteka må redusere dei 18 millionar bøkene i hyllene til 10 til 15 millionar.

Publisert

– Biblioteka har gått over frå å vera utlånsstasjonar til å bli sosiale møteplassar. Vi ser nemleg ei endring av bibliotekbruken: Berre halvparten av dei som er der, låner bøker.

Det seier Jannicke Røgler, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet. Ho ynskjer endringane i lov for folkebibliotek velkomne. I denne samanhengen vektlegg ho rolla som styringsverktøyet «omløpstal» har fått for norske bibliotek: Dei viser kva som blir utlånt og ikkje.

– Norske omløpstal ligg lågast i Norden. Små kommunar har svært låge tal, spesielt når det gjeld bøker.

Kunsten å kaste

Omløpstala er viktige i det arbeidet Røgler elles gjer. Når ho ikkje har permisjon på grunn av Bibliotekarforbundet, er ho vanlegvis leiar for den såkalla Buskerudgeriljaen, som har spesialisert seg på samlingsutvikling, eit omgrep som inkluderer kassering av bøker.

– Å kassere bøker er like mykje eit psykisk som eit fysisk viktig arbeid, fortel ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement