Bibliotek med flaggermusFlaggermus heimsøkjer portugisiske bibliotek, og det er bibliotekarane glade for.

Flaggermus heimsøkjer portugisiske bibliotek, og det er bibliotekarane glade for.

Skinnvengjer trivst i Biblioteca Joanina, som høyrer til Universitetet i Coimbra.
Skinnvengjer trivst i Biblioteca Joanina, som høyrer til Universitetet i Coimbra.Skinnvengjer trivst i Biblioteca Joanina, som høyrer til Universitetet i Coimbra.
Publisert

Flaggermus trivst i gamle portugisiske bibliotek. Til dømes i det vørdelege biblioteket til Universitetet i Coimbra, frå 1700-talet, kjem flaggermus fykande fram og attende i lufta. Brått styp dei ned på ei fire hundre år gamal utgåve av Soga til romarane av Dionysios fra Halikarnassos, så tek dei ein snøggtur inn Opera Omnina av Homer.

Dette tykkjer blibliotekarane er gildt og godt. Kvifor? Dei gjer nytte for deg, skinnvengjene – som flaggermus heiter på eldre nynorsk. Når vi talar om gamle bygg, må vi jo få lov til å bruke gamle, gode ord. Skinnvengjene snappar til seg møll, mygg og lus, som sjølve vil eta godsaker, nemleg papir og pergament med god årgang. Men det stoggar skinnvengjene.

Kor lenge flaggermus har vore i desse gamle biblioteka, er uvisst. Men dei har i alle fall fått vera der sidan 1800-talet, for russiske skinnklede har vore bruka sidan det hundreåret til verje mot skinnvenglort. Kvar morgon reinskar bibliotekarane skinnkleda og sopar golvet for flaggermusavføring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement