Bibliotek for både folk og bøker
Det nye biblioteket Deichman Bjørvika i Oslo går motstraums. Fleire og fleire bibliotek i landet blir meir like kulturhus, men Deichman vel å utvide, ikkje nedgradere boksamlinga.
Det flottaste rommet i Deichman er Kringsjå, med utsikt mot Oslofjorden.
Alle foto: Ronny Spaans
– Dei bøkene som står i hyllene, blir meir lesne enn bøkene som står i magasin.
Det sa Merete Lie, avdelingsdirektør for Deichman hovudbibliotek, på presseframsyninga i førre veke for det nye arkitektoniske tilskotet i Bjørvika i Oslo. I går, torsdag 18. juni, var det offisiell opning for denne nye kulturstova i hovudstaden.
Det har alt vore oppslag i media om bygningen, mellom anna om byggverket ville stengje for utsikta mot Operaen. Eit anna moment som kanskje har vore mindre diskutert, men som er av større verdi, er om det nye hovudbiblioteket i Oslo vil fylgje trenden i Bibliotek-Noreg med nedgradering av boksamlinga og oppgradering av scener og podium.
Denne trenden har i mange år vore offisiell bibliotekpolitikk. Men avdelingsdirektør Merete Lie gjorde det klårt for journalistane at Deichman i Oslo har ei anna innstilling:
– Vi i Deichman har ikkje gått i bresjen for dette synet.
Bøkene fyrst
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.