Bent Kvalvik (1960–2023)
Bent Kvalvik var teatermeldar i Dag og Tid i 30 år. Han stod òg på scena som amatørskodespelar.
Foto: Maja Korbøl
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Bent Kvalvik, vår gode teatermeldar i 30 år, døydde måndag 10. april. På veg til ei songøving fekk han hjartestogg, 63 år gamal. Livet stod ikkje til å berga, sjølv om han kom raskt til sjukehuset.
Bent var fødd i Stavanger og voks opp med to eldre brør. Faren var litteraturmeldar og teatermeldar i Rogalands Avis, NRK, og Aftenposten. Teateret følgde Bent heile livet. Han var med faren på teater frå han var liten, og han skreiv små stykke som han spela saman med skulekameratar. På Stavanger katedralskule var han kvart år med på Iduns årlege julekomedie. Han ville verta skodespelar, søkte på Teaterhøgskulen, men kom ikkje inn.
I Bergen studerte han fransk og litteraturvitskap og tok hovudfag i teatervitskap. Etter utdanninga vart han dramalærar ved Ryfylke folkehøgskule, jobba som journalist i Suldalsposten og lærte seg nynorsk. Han arbeidde ved Sogn og Fjordane teater og ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, før han vart tilsett som filmarkivar ved Norsk filminstitutt og til slutt ved Nasjonalbiblioteket etter av filmarkivet vart flytta dit.
Bent var særs filminteressert og var glad for å kunna arbeida med restaurering og formidling av gamle stumfilmar. Rute for rute førte han filmane mest mogeleg tilbake til det opphavlege slik vi trur dei var på premieren, med rette nyansar på fargane og lyssetjinga, dei rette tekstplakatane. Ofte måtte ein setja saman dei minst skadde delane av visingskopiane. To av dei viktigaste restaureringsarbeida hans har vore filmane Laila av George Schnéevoigt frå 1929, og Pan av Harald Schwenzen frå 1922.
På Nasjonalbiblioteket arbeidde han òg med formidling av den norske filmarven og skaffa fram filmmateriale til bruk i forsking og dokumentarfilmar. Han har halde ei rekkje føredrag for fagmiljø, filmfolk og historielag. Han var ein stor formidlar og kunne fortelja alle mogelege anekdotar frå innspelinga av norske filmar. Var det ein song i filmen, framførte han den gjerne – utanåt.
Bent song i kor og var i mange år med i amatørteateret Bærum Teaterselskap. Siste stykket han spela i, var Peder Cappelens eventyrkomedie Trollspill. Interessa hans for teaterhistorie gjorde at han ofte på eige initiativ skreiv nekrologar, særleg for Aftenposten, over mindre kjende, men dyktige skodespelarar.
For Dag og Tid har Bent vore ein særs god og kunnskapsrik teatermeldar. Alltid poengtert og truverdig og ikkje redd for å seia ifrå om han var kritisk til eit stykke. Han såg det som ei viktig og meiningsfull oppgåve å melda teater for Dag og Tid. Han reiste mykje rundt i landet og skreiv ei melding nesten kvar veke.
På mange måtar hadde han eit konservativt teatersyn. Kritisk til dialektbruk som han meinte privatiserte rollene. Skeptisk til mykje av den overdrivne moderniseringa av gamle stykke som han ofte følte gjorde stykka mindre samtidsaktuelle. Og han var negativ til den stadig større bruken av mikrofonmyggar og for mykje skjermbruk i framsyningane.
Men ei av favorittframsyningane hans var moderne nok: den klassiske Broadway-musikalen Carousel av Rodgers og Hammerstein frå 1946, som i London var strippa ned til ei intimførestilling på ei «blackbox-scene» med fem musikarar og skodespelarar som song publikum rett opp i andletet.
Den norske favoritten hans, teaterstykket Berre kjærleik og død, av Ingar Sletten Kolloen, ei enkel oppsetjing med to skodespelarar på scena, som gjekk på Trøndelag teater i 2017, fortel oss at Bent fyrst og fremst var oppteken av kjernen i originalverket. Det var teksten, historia og gode skodespelarar som skulle bera framsyninga.
Bent sette pris på familien og slekta og hadde eit nært tilhøve til dei to brørne Torleiv og Kjetil og alle dei seks brorsønene og -døtrene som no har mista ein kjær onkel.
Han var ein kapasitet på så mange felt, hadde humor og mange vener. Bent Kvalvik var ein god mann som vil verta sakna av mange.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.