JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Barnebokforfattaren som vil underhalde dei vaksne

Lunt og leikent, lag på lag. Ragnar Aalbu er kjend for både skjemt og alvor. No har han fått Statens kunstnarstipend for seniorar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ragnar Aalbu i verkstaden i huset på Nesodden.

Foto: Julie Killingberg

7864
20230421

Bakgrunn

Ragnar Aalbu (f. 1966) frå Oppdal er illustratør og barnebokforfattar med utdanning frå Institutt for grafisk design og illustrasjon ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo.

Han er busett på Nesodden i lag med kona Sølvi Aalbu og to døtrer.

Litteratur

julie.dagogtid.no

I ein stor og skjerma einebustad ved eit skogholt på Nesodden bur den prislønte barnebokforfattaren og illustratøren Ragnar Aalbu. Med ein nyfiken og litt klengete kattunge hakk i hel ynskjer mannen velkomen. Han byr på te og ein liten matbit, romsterer litt inne på kjøkkenet og kjem ut i mellomgangen med eit brett med knekkebrød, ost og kjeks.

– Me får vel ta turen opp på verkstaden, seier Aalbu og viser veg opp ei bratt trapp.

Kontoret i andre etasje har saltak. Store vindauge går heilt opp til mønet og slepper naturleg lys inn i rommet. Eit trommesett står i eine enden, skrivepulten i andre. Kattungen smyg seg rundt ark, bøker og tastatur før han legg seg ned i ei korg ved sida av datamaskina.

Om ein snur seg, vil ein sjå at diplomveggen er full. Endå er det mykje som ikkje har fått plass.

– At eg har fått så mange prisar, er ikkje sjølvklart. Eg kjenner mange flinke folk som ikkje opplever det.

Forfattaren kan ikkje hugse å ha søkt om seniorstipend, men seier at det må han jo ha gjort.

– Eg vart overraska og er djupt takksam for tildelinga. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno. No har eg sikra ei grunninntekt i ti år og kan puste lettare.

Aalbu har gitt ut om lag éi bok i året sidan han debuterte med Fokus på ku i 2004. Likevel har han vore nøydd å snu på krona.

– Framtida har alltid vore litt usikker. Eg har konsentrert meg om éi bok om gongen. Heldigvis har ikkje motgangen knekt meg.

Mange dyr i arka

– Rett bak her ligg Røerskogen. Det skal visst vere Europas nordlegaste eikeskog, seier Aalbu og peiker mot glaset.

Han fortel at det var mykje eikeskog i Noreg fram til 1600-talet, men at ei storstilt satsing på båtbygging førte til mykje hogst og avskoging. No får trea stå til dei rotnar og dett ned av seg sjølv. Slik vert det mykje sopp, insekt og fuglar.

I hylla på kontoret har han tjuetals eigenskrivne bøker frå dei siste to tiåra, og dei fleste dreier seg om dyr. Uttrykket «det finst mange dyr i arka» kjem verkeleg til sin rett, for her er mange personlegdomar.

– Eg byrjar gjerne med eit dyr som har ein spesiell eigenskap. Eg har mellom anna skrive om ein flodhest som ikkje vil bade.

Ein liten raud fugl pryder framsida av ei bok som må seiast å ha ein like raud tråd. Hakk o ve heiter ho. Aalbu har skrive om ein hakkespett som ikkje lenger kan hakke fordi han får så vondt i hovudet. Når lækjaren seier han må slutte med hakkinga, byrjar han lure på om han kan halde fram med å vere hakkespett.

Boka handlar om det å måtte finne på noko anna i livet. På overflata er det ei lettbeint historie med artige illustrasjonar. Like fullt finst der mange lag i forteljinga om kva som formar identitet. Små runde hol i sidene på boka vekkjer truleg interessa til ungane samstundes som dei vert eit symbol på det ufullkomne. Her er ingen ting tilfeldig.

– Eg er oppteken av heilskapen. Bøkene skal fungere på fleire plan. Det er utfordrande å skrive slik, men eg tykkjer det er naudsynt. Ungar vil lese bøkene opp att og opp att. Då er det viktig at foreldra kan more seg litt òg. Ein kan ikkje vere likegyldig til at bøker skal lesast mange gonger.

Språkleg leik

På bærtur, Paisommer, Bare rør og Det suser i Sivert er alle boktitlar i Aalbu-universet. Ei samleutgåve av dei tre første bøkene har han kalla Dyr i drift, medan eit anna bokomslag tek uttrykket «høy i hatten» særs bokstaveleg.

Forfattaren synest at ungane treng noko å fabulere litt på. Han er ikkje redd for at dei ikkje vert inkluderte i alt innhaldet.

– Ungane vert ikkje usikre på det dei ikkje forstår, slik som oss vaksne, hevdar Aalbu og poengterer at det er slik verda deira er – dei er vane med å ikkje forstå alt.

– Tenkjer du mykje på målgruppene?

– Eg veit ikkje. Det hender eg svarar ja, andre gongar svarar eg nei. Eg tenkjer jo på at bøkene skal verte forstått av nokon. Det er viktig for meg at dei fortel ei samanhangande historie som heng på greip, som fyller eigne rammer og fungerer som både heilskap og delar, men eg tenkjer ikkje særskilt på å treffe ei bestemt aldersgruppe. Det får være opp til forlaga og bokhandlane, som skal selje bøkene.

Aalbu teiknar mykje i både skissebøker og på teiknebrett, men alt er sett saman på datamaskina. Når journalisten peiker på djupna og seier at mykje ikkje liknar maskinteikning, smiler han lurt og innrømmer at han blandar litt ulike teknikkar.

– Eg har eit triks for å tilføre noko meir organisk. Eg teiknar, brukar grafikkpresse og skannar, men det har òg vorte meir flytande overgangar i stilartane dei seinaste åra. Det kjem av at dei digitale verktya har vorte så mykje betre.

– Kva jobbar du med no?

– No held eg på med ei historie eg skal ferdigstille om eit par månader. Elles dukkar det opp nokre illustrasjonsoppdrag her og der. Eg har mellom anna laga fem frimerkemotiv for Posten, og bokillustrasjonar for andre forfattarar.

Vil utfordre formatet

– Det har aldri blinka raudt frå forlaga, men det er heller ikkje nokon av bøkene som verkeleg har teke av, seier Aalbu nøkternt.

Han er nøgd med at salet har gått jamt og trutt. Likevel vil han nemne at to av bøkene ikkje vart kjøpte inn av Kulturrådet.

– På folkemunne vert vel det kalla å verte nulla, fortel Aalbu og tek ut ei gul og tilsynelatande sliten bok frå hylla.

Opp og frem 1945, som ho heiter, er ei parodibok som sprikar i alle retningar, forklarar han.

– Her er alle dei lause ideane mine som ikkje passa inn i ein samanheng. 1945 vart ein parole på alle gamaldagse ting, ikkje berre det som dreidde seg om krigen.

Han legg til at denne boka no er borte frå marknaden, slik bøker gjerne blir etter nokre år. Boka var nok vanskeleg å selje fordi ho ikkje fall innanfor ein tydeleg kategori.

– Dei som sel bøker, er særs opptekne av målgruppa. Det er jo ikkje så rart, men samtidig blir det vanskeleg å utfordre formatet.

På arbeidsrommet er der både fagbøker og gamle barnebøker. Aalbu er inspirert av gamle biletbøker og er glad i 1920-talets art deco-plakatar og etterkrigstidas illustrasjonsstilar. Han er oppteken av å ta vare på historia og likar ikkje utviklinga i bokbransjen.

– På grunn av sirkulasjonen i bokmarknaden er også mange eldre bøker borte. Bøker har generelt fått kortare levetid. Dei som ikkje vert selde, vert kasta.

Han forklarar at forlaga no må betale skatt av eigne boklager, og at det difor vert dyrt å lagre dei.

– Eg er kritisk til dei kulturpolitiske følgene dette har hatt.

Idérik

Aalbu får sjeldan idétørke. Det går litt opp og ned, men det er helst berre ei kneik av og til.

– Eg har som regel fleire idear om noko når eg startar på eit nytt prosjekt, og då involverer eg gjerne redaktøren i prosessen med å avgjere kva som har mest potensial.

– Er det mykje av deg sjølv i bøkene?

– Eg skriv jo om dyr, så avstanden er jo tilsynelatande større enn i skjønnlitterære romanar. Det som handlar om identitet, er ikkje særskild personleg, det heller, trur eg. Alle må jo finne sin plass i verda, og alle møter forventningar frå omverda. Det er noko av det mest grunnleggjande me gjer, seier han.

– Seniorstipendet er eit forfattarstipend som er meint for at eg skal kunne halde fram med å skrive barnebøker. Det er slik eg har tenkt det, så eg vil halde fram med same sjanger og stil så lenge eg kan.

Han er likevel tydeleg på at det er viktig å fornye seg.

– Eg vil ikkje gjenta meg sjølv. Det eg var særs nøgd med for fem­–seks år sidan, er eg ikkje oppteken av no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis