JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Bakkekontakt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2068
20190823
2068
20190823

Den nære kontakten med Bibelen er eitt karakteristisk trekk ved salmane til Elias Blix. Eit anna trekk, som truleg har hatt vel så mykje å seie for populariteten deira, er bakkekontakten, både i bokstaveleg og i overført tyding.

Det siste først: Kyrkja har ofte vore ein arena for store ord. Blix hadde ei evne til å finne passeleg store ord, ord som kunne tolke og helge kvardagen, ord som folk flest kunne ta i munnen og kjenne at dei kunne bruke som sine eigne.

Men det handlar òg om kontakten med eit fysisk landskap. I norske klasserom var lenge Palestina-kartet minst like viktig som Noregskartet. Den bibelske geografien høyrde tett saman med bibelhistoria.

Elias Blix var aldri i Det heilage landet. Han kom seg aldri lenger sør enn på kuropphald i Karlsbad (i dag Karlovy Vary i Tsjekkia).

Derimot kjende han terrenget i fedrelandet sitt svært godt, frå ein barndom i eit nordnorsk kystlandskap, frå byliv i Tromsø og Kristiania og ikkje minst frå dei mange fotturane i sommarferiane i studietida og seinare. På bryllaupsdagen 19. juli sende han ofte eit gratulasjonskort heim til fru Emma. Sjølv var han på gutetur til fjells.

Eit tydeleg døme på denne bakkekontakten er den enkle evangeliesalmen «Ein båt i stormen duva». Opningslinja, «Ein båt i stormen duva, men Jesus var um bord», parafraserer forteljinga om Jesus som stiller stormen. Men i neste linje, «Hans læresveinar gruva då båra braut på fjord», er forteljinga med eitt omplassert frå Gennesaretsjøen og inn i eit landskap og ein situasjon som var velkjend langs heile norskekysten.

Grepet er ikkje like tydeleg i «Med Jesus vil eg fara». Likevel gir salmen ei kjensle av at ferda går i eit kjent landskap. Betlehem og Saron er ikkje fjerne og eksotiske stader, det verkar mest som vinstokken høyrer naturleg heime i norsk flora.

Det er dette ein i teologien kallar stadeigengjering, eller kontekstualisering, for å seie det på fint. Elias Blix flytta Sarons dal til Noreg lenge før Aril Edvardsen gjorde det.

Anders Aschim

Anders Aschim er professor
ved Høgskolen i Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis