JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å skape ei kjønnsrolle

Monica Isakstuen fekk blåse ut frustrasjon over ammeteoriar og undersøkt kva for maktstrukturar og kjønnsroller vi fører over på borna våre, i eit nytt teaterstykke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Då eg jobba med PR for Tiden Forlag, var det trommekvervlar med i alt eg skreiv. No vil eg at det eg skriv, skal vere så sant og trist som mogleg, spøkjer Monica Isakstuen.

6936
20180601

Bakgrunn

Monica Isakstuen er fødd i Oslo i 1976.

Ho bur i Fredrikstad, er gift og har tre born. 

Opphavleg utdanna som art director ved Westerdals Oslo ACT.

Debuterte med diktsamling i 2008, den første romanen kom i 2009. 

Ho er husdramatikar på Dramatikkens hus i Oslo i 2018 og 2019, og Se på meg når jeg snakker til deg er den sjette boka hennar.  

Dramatikk

mone@dagogtid.no

Sommaren 2017 sende forfattar og brageprisvinnar Monica Isakstuen ut to eksemplar av same råtekst. Ho ville skrive om relasjonen mellom mann og kvinne og samstundes far og dotter, mor og son, og sende éin til forlagsredaktøren og éin til dramaturgen. 

– Eg voks opp då Bjugn-saka rulla og gjekk, om ein mannleg barnehageassistent som vart sikta for å ha forgripe seg på fleire barnehageborn. Eg hugsar mor mi fortalde at pappa plutseleg vart usikker når han skulle bade meg. Så fælt det må vere, å famle slik i møte med ein liten jentekropp. Det er komikk i det òg, men samstundes heilt ko-ko at ein skal verte skremd av noko slikt. Som forelder kan ein sjå føre seg dei verste scenarioa. Eg ville skrive om kva maktstrukturar og rollemønster vi meir eller mindre umedvite podar inn i borna våre, seier Isakstuen.  

Råteksten gjekk to ulike vegar: På den eine vegen jobba ho fram skodespelet Se på meg når jeg snakker til deg, som no er ute i bokform. Skodespelet skal etter planen setjast opp på scena i 2019. På den andre fann ho stoff til ein ny roman. Han kjem ut i haust. 

Frå dotter til kvinne

Når Isakstuen tek telefonen, har ho nett lagt borna sine. Det er slik stykket hennar startar, med ei mor som har lagt son sin. I første del innser ho at vesleguten skal verte mann. Ho tileignar han dei dårlege erfaringane ho sjølv har hatt med menn, og er redd for at han skal verte overgripar, at det ligg i naturen hans. «Gutter er gutter», seier ho. I andre del av stykket kjempar ein far med at dottera vert kvinne. «Hvordan holder man ei jente når man bader henne?» tenkjer han. «Sånn at ting ikke kan misforstås?» Og han veit ikkje korleis han skal reagere når ho eksperimenterer med sin eigen seksualitet.

– Då eg var ung, ringde vi kontakttelefonen og vart straks sette over til ein vaksen, kåt mann som sat og pusta inn i røyret. Vi fniste og laug om kor gamle vi var, og det var utforsking. Det handla om å oppfylle fordommar. I dag chattar borna i staden. Og faren forstår at han sjølv er representant for kjønnet dottera nærmar seg. Det påverkar utviklinga hennar som kvinne. I frykta for både det kvinnelege og det mannlege stolar korkje far eller mor i stykket på seg sjølv. For korleis skal faren lære dottera å vere kvinne på ein naturleg måte når han sjølv er så redd?

– Men slik utforsking kan ende i overgrep. Overgrepssakene, særskilt sakene frå det mørke nettet, viser det. Tenkjer du på dette når det gjeld dine eigne born?

– Nei. Det ligg framfor meg i løypa. Dei er ikkje gamle nok. Men eg kan lett setje meg inn i redsla. Eg skulle ønskje eg hadde styring, for ein vil så gjerne at borna skal lukkast. Sjølv når ein gjev dei namn, tenkjer ein på kva dei skal heite for ikkje å verte hockeyspelarar eller rusmisbrukarar. Eg skulle ønskje eg kunne vite at det gjekk bra til slutt, samstundes som eg heller ikkje ville ha styrt nokon.

Det seksuelle

– Sonen i stykket spør om mor hans nyt det seksuelt når ho ammar han. Han provoserer henne. Kva er det med amming som er seksuelt?

­– Amming og seksualitet er ein del av frykta for det kvinnelege. Ein skal manast til å amme: Får du det ikkje til, er noko gale med deg. Samstundes vert det fort sett som ekkelt om ein ammar for lenge. Det som i utgangspunktet er naudsynt for livet sjølv, skal då handle om lyst og begjær. Maggie Nelson skriv om dette i Argonautene, og eg har henta ein anekdote frå boka om det å få orgasme medan ein ammar. Det er ein rein kroppsleg reaksjon og vil ikkje seie at ein er tiltrekt av barnet sitt. Men då kan ein verte forvirra. Eg føler at eg fekk brøle ut noko av dette i stykket.

Far i alt ho skriv

Isakstuen er opphavleg utdanna art director frå Westerdals og har jobba som reklametekstforfattar. Den første boka hennar, diktsamlinga Sånn, borte, kom ut berre nokre år etter at far hennar døydde. 

– Eg kom inn på ein rar liten skriveskule i regi av Dynamo Forlag med Aleksander Melli, men så døydde far min i 2004. Hjartet hans stoppa mens han gjekk tur i skogen, han fall om og vakna aldri att. Det var sjølvsagt eit sjokk, og eg greidde ikkje gjere noko på ei lang stund. Men eg fekk mykje å skrive om, og det vart ei diktsamling. Tiril Broch Aakre og Nils-Øivind Haagensen drog litt i dikta, og eg gav dei til slutt ut. Deretter skreiv eg ein frykteleg stiv roman, Avstand, der eg tenkte altfor mykje på korleis ein roman skal sjå ut. Somme gonger ønskjer eg at eg hadde byrja å skrive tidlegare, kanskje hadde eg famla meg mindre fram. Eg voks opp i Heggedal i Asker og skreiv dagbok, hang på lokalbiblioteket og drøymde litt om å skrive. Men eg er godt oppdregen i ein embetsfamilie og visste nok ikkje at det gjekk an å utdanne seg til noko slikt. Då eg starta på vidaregåande, forsvann skrivebehovet inn i skulepugginga. Men seinare, på Westerdals, fann eg lyst til både å lese og å skrive att.

– I det nye stykket er faren i andre del død?

– Ja, det er visst ein død far med i alt eg skriv. Men han har ikkje alltid ei aktiv rolle i tekstane mine. Det kan handle om å nytte eit bakteppe eg kjenner, ei gamal sorg som får dirre. Men det er eg ikkje sikker på. Eg ser likevel teikn til utvikling: I romanen som kjem i haust, finst ingen døde fedrar. Berre ein heil haug born.

I-landsproblematikken

– Kva er det som fascinerer deg slik med foreldrerolla? 

– Det enorme ansvaret og påverknadskrafta ein får. Og sjølv om det finst døme på at borna ikkje endar slik foreldra har prøvd å forme dei, var det noko med denne frykta. Frykta for ikkje å gjere rett, frykta for at barnet vert for sjølvstendig, og frykta for at barnet ikkje vert sjølvstendig i det heile. I kva grad lagar ein foreldrerolla sjølv, og i kva grad har ein henne med seg frå sine eigne foreldre? Når tvillingane mine står og ser på meg og hyler, er det ikkje lett å sjå det elskelege ved desse borna. Då kan det vere vanskeleg å ikkje verte eit barn sjølv. Det er herleg å kjenne på at eg har tillate meg å skrive om dette og ikkje føysa det bort som i-landsproblematikk. 

– I-landsproblematikk?

– Eg trefte ein mann som var svært lite begeistra for romanen Vær snill med dyrene. Å problematisere delt foreldreansvar var i-landsproblematikk, meinte han. Eg gler meg til å treffe på han att, så skal han få vite at eg har skrive endå meir om foreldre og barn.  

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Så fælt det må vere, å famle slik i møte med ein liten jentekropp.

Monica Isakstuen,
forfattar og dramatikar 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis