JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ulærd samfunnskritikar

Jon Hjørnevik er aktuell med dikt om kvardagskrig og om å rygge ned vesle Adolf Hitler med skulebussen. Men diktsamling om bleieskift og barnehage vert det ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Det var tynt med krigsinnsats frå Hjørnevikane, fortel Jon Hjørnevik. Han kan likevel skilte med bronsemerke for innsatsen sin på skytebana.

Foto: Rolf Seierstedt / Samlaget

6545
20180525

Bakgrunn

Jon Hjørnevik er fødd på Voss i 1970

Utdanna cand.polit. i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen

Har gjeve ut sju diktsamlingar og til saman 13 bøker

Reiser og les opp dikt for ulike forsamlingar (men ikkje like langt som Ivar Aasen, ifølgje han sjølv)

Er familiefar og har tre born

Lyrikk

mone@dagogtid.no

Mobiltelefonen pip. «Slik ser det ut her», står det i tekstmeldinga. På biletet over setninga er ei kvit varmepumpe på kvit vegg, under kvitt tak. Under pumpa stikk det opp ein tjukk, mørk hårkost med gråsprengde tinningar og to auge under strenge, beine bryn. 48 år gamle Jon Hjørnevik, diktar, komikar og «den slemme fetteren til Arne Hjeltnes» er på jobb. Han er òg aktuell med diktsamling nummer sju, Ikkje alle gjorde motstand under krigen. Vi har nett lagt på røyret.

Dei små krigane

– Det er ikkje krigslitteratur, fortel han, vel ein time tidlegare.

– Dette er personleg krig, indre strid og husleg konflikt. Kjekling om arv og nabokrangel høyrer òg med. Eg fekk eit e-brev frå ein i forsvaret i Tromsø som hadde fått interesse for boka, men eg trur han misforstod. Han såg med spenning fram til å lese om dei som ikkje gjorde motstand under krigen, og hadde sakna eit slikt verk i litteraturen. Eg måtte fortelje han at dette var ei skarve diktsamling. Sidan har eg ikkje høyrt frå han.

– Men du var sambandsmann i hæren under den første Irak-krigen?

– Krig og krig. Eg sat inne i eit fjell i Alta i januar 1991 og sende krypterte meldingar. Bestefar min måtte rømme til Sverige med nazistane i hælane. Elles er krigsinnsatsen tynn frå Hjørnevikane. Men dei små kvardagskampane er vi alle med på, seier Hjørnevik.

Han hintar likevel til dei kjende krigane. I diktet «Hei Hitler» skriv han om å køyre ned vesle Adolf Hitler med skulebussen.

Oslosjuka

– Du er gjerne kritisk mot Oslo i diktinga, og du fekk jobb der etter utdanninga. Er du samfunnskritikar, eller skin opplevingane dine gjennom?

Høg latter kling gjennom røyret.

– Du kan seie at eg er ein ulærd, inkompetent samfunnskritikar. Eg har skrive om steinras og kamp mot utbygging og for betre veg mellom Voss og Bergen, men det har eg ikkje greie på. Og det eg skulle hatt greie på, fekk eg heller ikkje heilt til. I Oslo vart eg diverre førstekonsulent med tittelen «forvaltningsrevisor». Det vart ein slags sjølvopplevd Sult. Eg vart nesten oppeten i byråkratiet og redd det kommunale trollet. Det åt opp kreativiteten. Som student i Sogndal hadde eg eit stort, trygt sosialt nettverk. I Oslo vart det sosiale vanskeleg. Men det gav god næring til dikting: «Heiter hylla di Ivar?» er det første diktet i den første samlinga. Det handlar om mitt djupe kjærleiksforhold til bokhylla på kontoret.

– Kva gjorde det vanskeleg?

– Korkje jobben eller Oslo var for meg, og eg var ikkje for jobben og Oslo. Problemet med lang utdanning er at det kan vere vanskeleg å få relevant jobb. For meg stod det stille. Eg brukar seie at eg berre hadde fem innkomande telefonar til kontoret. Men dei var mest min feil, oslolidingane, sjølv om mykje av kritikken kjem derfrå. Eg har svært godt å seie om byen, men Vestlandet er viktig for å bidra til å halde Oslo på tå hev, slik at dei der borte forstår at ingenting er gratis. Dei treng Vestlandet. Og vi treng dei, både til vegbygging og for å skrive nynorske dikt. Eg fylte den vanskelege tida med å skrive. Og særskilt god tid hadde eg fordi tre av telefonane til kontoret var frå mor mi.

Studentkroa

Vossingen er utdanna cand.polit. i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, men budde i Sogndal nesten heile studietida.

– Eg starta med diktopplesing fordi nokon trong eit innslag på studentkroa ein torsdagskveld. Og så heldt vi fram, Odd Erik Lothe og eg. Mor mi har funne gamle skrivebøker fulle av tulledikt frå eg var så ung som ti år. Skald og skure, heiter den eine. Dette har eg halde på med så lenge eg kan hugse, og dikta mine må framleis ha humoristisk brodd. Dei er tett på livet, anten frå eigne opplevingar eller via andre. For dei må ha eit snev av sanning.

– Kva for nokre kjem frå deg? Har du eit frå den nye samlinga?

Han dreg på det. Når han svarar, er det som å høyre han lese, han trykkjer godt på konsonantane.

– Eg har eit om å gå med skjerf i Oslo. Eg fekk eit skjerf til jul for eit år sidan, det var slik det starta. Eg går ikkje med skjerf, er ikkje begeistra for skjerf, men eg tok det med til hovudstaden. Det var ukomfortabelt. Skjerfet var fint, men det var ikkje «innanfor», fortel han.

Og slik gjekk det med skjerfet:

Eg gjekk med skjerf i Oslo,

eg trefte ein tiggar i ein park,

eg søv på nattoget mot vest,

no tiggar skjerfet etter knark.

– Vert det sju diktsamlingar til?

– Nei, men det vert fleire. No er det nok, tenkte eg, alt etter Den vanskelege andreboka. Men så vart det fem til. Det handla den gongen om at mange ikkje likte dei: «Denne diktsamlinga fell ikkje naturleg på plass i den norske lyrikkhausten», melde Helge Torvund. Det kortslutta totalt mellom meldaren og den humoristiske diktinga mi. Då tenkte vel både Torvund, alle og eg sjølv at det var nok Hjørnevik.

– Du er eit kjenslemenneske?

– Ja, men eg går ikkje på nokon langvarig smell. Eg vert mest forbanna, og så går det fort over. No meiner eg ærleg at det er betre med ein skikkeleg skivebom enn ein slapp trear. Eit slakt kling betre enn «Hjørnevik leverer på det jamne».

Strek i margen

Når han ikkje skriv og les dikt om barndommen på Voss, eksplisitt om samliv og kannibalar i kommunen, er Hjørnevik familiemann og jobbar i reklamebyrå. Han har tre born, mellom to og åtte år.

– Dei veit at eg driv med dikt og diktlesing. Men eg les ikkje høgt frå eigne samlingar heime, med mindre visesongaren Dagfinn Iversen er hjå oss på øving. Mellomste jenta har snappa opp melodiane han har komponert her og der, og ho nynnar både passande og upassande tekster: «Det er fredagskveld og fint besøk, me manglar berre purreløk», nynnar ho. Eller: «Kvar er du, buttplug’en min?»

– Til slutt: Tykkjer du aldri at du har gått over streken?

Hjørnevik må tenkje seg om.

– Nei. Eg får ein tydeleg strek i margen av redaktøren om det vert for gale. Og psykologen eg bur saman med, er med på å setje grenser. Det kjem heller ikkje noka diktsamling om bæsjebleier og småbarnsforeldre, ikkje frå meg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det vart ein slags sjølvopplevd Sult.

Jon Hjørnevik

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis