JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å gro fast
i einannan

Oda Malmin debuterer med bok om to 70 år gamle bondekvinner frå Jæren. Sjølv er ho 31 og oppvaksen i blokk i oljebyen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tittelen på debutboka til Oda Malmin kjem av uttrykket «å ha steinauge», å sjå kvar steinane skal stå for å byggje den mest stabile steingarden.

Foto: Roar Blåsmo-Falnes

6569
20180504

Bakgrunn:

Oda Malmin er fødd i 1987 i Stavanger

Utdanna i politikk og sosialantropologi i London, master i nordisk språk frå Universitetet i Oslo

Har vore konsulent i Arbeidarpartiet og i Burson-Marsteller i Oslo

Er ny manusredaktør i Samlaget

Steinauge er debutboka hennar

Litteratur

mone@dagogtid.no

Oda Malmin starta forfattarkarrieren med eit kvardagsdikt i barnehagen, før ho hadde lært seg å nytte dobbelkonsonant. Då diktet skulle på trykk i barnehageavisa, hadde ein tilsett retta det ho hadde skrive om den skitne veggen, om til «den skitne vegen». Det likte ikkje femårige Malmin.

– Eg meiner å hugse at eg vart frustrert, seier 31-åringen og ler.

No er ho aktuell som ny manusredaktør i Samlaget og som forfattardebutant med romanen Steinauge.

«Oljå»

– Du er oppvaksen i oljebyen Stavanger. Oljen vert berre så vidt nemnd i boka?

– Ja. Eg hadde ein gjennomsnittleg oppvekst i blokk, med skilde foreldre. Stavanger er ein spennande stad å følgje, ein pietistisk stad, med mange kristne. Foreldra mine jobba ikkje i oljen, men eg følte ikkje at det var nokon skilnad på dei og andre. Og ein skal vere varsam med å kritisere livsgrunnlaget til staden ein veks opp på. Eg har ikkje noko mot utviklinga. Men det er ein særskild mentalitet på Nord-Jæren, ein rikdomsmentalitet. Tore Renberg snakkar om dette i dei siste bøkene sine. Ein skal vise fram rikdommen: Folk byggjer seg store, fine, rare hus, med og utan vindauge.

– Meiner du at «oljå» har vaska bort kulturen?

– Han bryt i alle fall med kulturen. Det kom ei bølgje av industriutvikling og folk med mykje pengar. Livet i Stavanger etter oljen er ein kontrast til vilkåra som var der i utgangspunktet. Eg lurar på om denne trongen til å vise fram rikdomen gjer at lokalkjennskapen går tapt. Det viser att i språket òg. Eg har valt nynorsk, men i Stavanger har svært få nynorsk som hovudmål, sjølv om det er likt talemålet. Køyrer du eit stykke ut av byen, endrar det seg. Eg trur kanskje oljen har fått oss til å gløyme litt kvar vi kjem frå. Men det er ei kjærleikserklæring òg, at oljen er nemnd i boka. Eg er patriot. Sjølv etter tolv år utanfor byen snur eg meg på gata så fort eg høyrer dialekt, seier Malmin.

Jærbuen

Romanen hennar, Steinauge, handlar om syskenbarna Randi og Ingeborg. Dei har vakse opp på to nabogardar på Jæren i 1940- og 1950-åra og er framleis nære vener etter 70 år. Venskapen mellom dei er den viktigaste menneskelege relasjonen dei har, og brått vert Randi svært sjuk med nyresvikt. Ho treng donor, og dei to vert nøydde til å tenkje gjennom livet dei har levt, saman og for seg sjølv. Kven er dei for kvarandre? Kven er dei eigentleg utan den andre, og kva er venskapen deira basert på?

– Kven er dei to hovudpersonane dine?

– Ingeborg er den stereotypiske jærbuen. Ho er varsam, smålåten, audmjuk og arbeidsam. Ho driv familiegarden med tolv kyr åleine, for ho måtte tidleg ofre veterinærdraumen. Odelsguten Ådne, bror hennar, døydde då han var 16. Ingeborg er redd for å vere i vegen, for å ønskje seg for mykje og held fast i det ho har. Ho er svært ulik Randi, som tek stor plass, og som ikkje kan kome seg fort nok bort frå Jæren. Ho reiser ut, utdannar seg og vert tilsett i Bondelaget. Kontrollbehovet hennar gjer at ho ikkje slepper folk innpå seg. Det er ein forsvarsmekanisme etter å ha vakse opp med ein streng og valdeleg far. Samstundes er ho ulydig, og ho er den som bestemmer når trekløveret Ingeborg, Ådne og ho er saman som barn. Når ho vert sjuk, må ho finne seg i å vere prisgjeven eit anna menneske. Det er det verste ho kan tenkje seg.

Frå London til Samlaget

Oda Malmin flytta til Oslo rett etter vidaregåande. Ho vart med i AUF og tok antikke studium ved universitetet. Så reiste ho til London for å studere politikk og sosialantropologi. Etter tre nye studieår gjekk ho lei, reiste attende til Oslo og arbeidde i ein bar.

– Det var det mest uansvarlege eg kunne finne på, seier ho og ler.

Til slutt hamna ho i ei masterutdanning i nordisk språk, medan ho skreiv roman.

– Drøymde du om å verte forfattar?

– Ja. Alle veit at forfattardraumen nesten er umogleg å realisere. Det fekk eg kjenne på då eg tok til å skrive. Det er krevjande, for du må sitje åleine med deg sjølv. Og du må gjere det fordi du har ein sterk trong til å fortelje.

– Var du ikkje redd for å gje mat til stereotypien om bygdelivet?

– Nei. Rammene gjer romanen realistisk, men det er klart at bygda legg nokre føringar og kan forsterke enkelte situasjonar. Det er eit by mot land-perspektiv. Men mykje er fint òg, bondebarn er dei mest hardføre og stødige du finn. Og eg vart fascinert av å finne eit landskap og eit liv som var så ulikt berre ein biltur unna byen. Her har eg lyst til å fortelje noko, tenkte eg. Det ugjestmilde klimaet gjer jærlandskapet dramatisk og varsamt på ein gong. Men mykje av bondelitteraturen frå Jæren er mannsdominert. Eg ville skrive om bondekvinnene, om vala dei måtte ta, og om venskap.

– Korleis freista du å gjere forteljinga realistisk?

– Besteforeldra mine har ein gard på Gausel, mellom Sandnes og Stavanger. Mor mi er oppvaksen der. Eg har intervjua dei, lese og gjort research. Det vart mykje teknisk, tørt og keisamt mas: Kvar fekk dei vatn frå, og gjekk det an å bade i elva? Eg spurde om skulen, for det var overraskande vanskeleg å forstå systemet. Eg måtte jo ha rett info, seier Malmin og smiler.

To gamle damer

Etter å ha skrive boka fekk Malmin mange spørsmål om kvifor i alle dagar ho skreiv om to gamle kvinner.

– Kvifor gjorde du det?

– I botnen er dei menneske med tankar og kjensler. Dei måtte ha denne alderen for at det skulle vere vanskeleg å endre mønsteret dei står fast i. Skulle eg ha flytta dei inn i ein by, hadde det ikkje vorte truverdig. Ingeborg har berre Randi, ho treng henne for å rettferdiggjere sin eigen eksistens. Det krev aktiv handling å bryte ut av ein slik tralt, og som ung har ein andre føresetnader for å gjere noko med det. For kva gjer du når du er 70 år og venskapen plutseleg står på spel? Når den eine relasjonen du har, ikkje er bra for deg? Vi er i ei tid der folk lever lenger. I politikken er vi opptekne av at ein ofte ikkje er gammal når ein vert pensjonist. Ingeborg er 70 år, men ein frisk og aktiv bonde.

– Til slutt: Kunne du tenkje deg å bu på bygda?

– Det ville nok ikkje vore naturleg for meg. Eg har alltid budd på større stader.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur kanskje oljen har fått oss til å gløyme litt kvar vi kjem frå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis