JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Attende til Grundtvig

– Folkehøgskulen bør finne attende til opphavet sitt. Dei bør difor kutte i korte kurs og reiser til fjerne land, seier Ronald Nygård, rektor ved Trøndertun folkehøgskule.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elevar frå Lofoten folkehøgskole på segltur med fembøringen «Vågar» med Kabelvåg i bakgrunnen.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

7711
20171110

Bakgrunn

Folkehøgskulen

Det finst 80 folkehøgskular i Noreg. 32 av dei har ei kristen plattform, dei andre er såkalla frilyndte.

Folkehøgskulane har korkje eksamen eller karakterar.

Over 7700 elevar byrja på folkehøgskula i haust. Aldri før har så mange gått på folkehøgskule i landet.

Det kjem fleire og fleire gutar til folkehøgskulane. Det kjem mellom anna av nye tilbod, som til dømes programmering av dataspel.

FOLKEHØGSKULEN

ronny@dagogtid.no

Rolla folkehøgskulen har spela for danning og utdanning i norsk historie, kan ikkje undervurderast. Det gjeld både dei kristne og dei frilyndte folkehøgskulane.

«Til et Folk de alle høre, som sig regne selv dertil», heiter det i diktet «Folkeligt skal alt nu være». Det er skrive av far til folkehøgskulen, den danske diktaren, politikaren og presten N.F.S. Grundtvig.

Kva tyder verslinene? Grundtvig ville viske ut det gamle skiljet mellom danna elite og ålmuge. Alle som høyrde til ein nasjon, eit folk, skulle inkluderast i ein fellesskap av danna menneske. For hundre år sidan galdt det bondestanden. Folkehøgskulen var vegen til danning for dei som ikkje fann plass på latinskulen og universitetet, der embetsmannssønene regjerte.

Eit godt døme er det folkehøgskulen hadde å seia for nynorske diktarar i byrjinga på det førre hundreåret. Folkehøgskulen representerte dessutan eit friskt alternativ til stiv lærdom: Det var tale om opplysning, ikkje oppseding. Grundtvig meinte at samtalen var det viktigaste, at kommunikasjonen mellom lærar og elev skulle vera levande.

Overraskande oppgang

Folkehøgskulane opplever i dag ein overraskande oppgang. I haust byrja over 7700 elevar på dei 80 folkehøgskulane i landet. Det utgjer 12 prosent av eit årskull elevar. Det er meir enn det i grunnen er kapasitet til, for skulane er 107 prosent fulle, melder Folkehøgskolene på nettstaden sin.

Auken gjeld òg søknader til nyoppretting av høgskular. Dei siste 30 åra har det vorte lagt ned 16 folkehøgskular. Men utviklinga snur. I 2014 var det fem aktørar som søkte om å få status som folkehøgskule.

Men kva danning tilbyd folkehøgskulane i dag? Vi dreg fram eit par døme på folkehøgskulekurs: Linedance, bridge og meditasjon. I tillegg er det mange såkalla «50 pluss», som går på desse kursa, altså den mest kjøpesterke gruppa i samfunnet.

Kor langt unna Grundtvigs tanke om den dannande folkehøgskulen er det mogeleg å koma?

Pensjonistkurs

Vi har høyrt det før. Folkehøgskulen er friår for skuletrøytt ungdom. Det er argument som har vorte bruka imot folkehøgskulane i mange tiår. I tillegg har klasseturar til fjerne land vekt debatt. Somme høgskular sender elevane sine på eit par reiser i løpet av skuleåret.

Dei som vil folkehøgskulen vondt, får no fleire kort for handa: No fungerer folkehøgskulen tydelegvis òg som tidtrøyte for pensjonistar.

Døma eg nemnde ovanfor, er nemleg ikkje tilfeldige. Dei kjem frå Regjeringa. Dagens regjering brukar døma som argument for eit kutt på 25 millionar i løyvingar til folkehøgskulane på statsbudsjettet for 2018. Folkehøgskulerådet reagerer, for dei meiner kuttet svir ekstra nett no når talet på elevar aukar. Rådet seier det manglar ni millionar i budsjettet som ei fylgje av elevauken.

Staten på si side seier kuttet er meint å forsterke grunnideen til folkehøgskulane: Ein tek altså bort pengar frå ein institusjon for å styrkje institusjonen?

Her er trengst det utdjuping. Kuttet gjeld ikkje folkehøgskulane i seg sjølv, men dei såkalla kortkursa skulane held. Det er her pensjonistane kjem inn. Det blir årleg gjennomført om lag 500 kortkurs ved norske folkehøgskular. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 57 prosent av deltakarane er over 50 år. 30 prosent er over 60 år. Prosenttalet på dei mellom 0 og 20 som deltok på korte kurs, var berre 13.

Kvar finn du så dei unge på folkehøgskulen? Sjølvsagt på langkursa, som varar i mellom eit halvt og eit heilt skuleår. Kortkursa, som er komne inn seinare i soga til folkehøgskulen, varer i mellom 2 og 94 dagar. Normalt er det tale om kurs som går frå tre dagar til ei veke.

Budsjettkuttet vekkjer difor debatt i rikspressa og i mange lokalaviser kringom landet. Det har vore demonstrasjon utanfor Stortinget. I Namdalsavisa skriv til dømes rektor ved Namdals folkehøgskole at vaksenopplæringsmandatet har vore ein del av skuledrifta gjennom heile historia til skulen.

– Det luktar svidd

Folkehøgskulefolkets eige syn på kortkursa varierer.

– Kortkursa er med på å auke det frynsete ryktet folkehøgskulane har. Det er langkursa som er kjernen i folkehøgskuleverksemda, seier Ronald Nygård, rektor ved Trøndertun folkehøgskule, som er ein frilyndt folkehøgskule på Gimse i Sør-Trøndelag.

Ved Trøndertun folkehøgskule ligg hovudvekta på musikk og dans, og som forstadium til dans har Trøndertun like høg stjerne som kjende danseinstitutt som Bårdar og Spin Off i Oslo. Trøndertun kan skryte av at elevar frå skulen har vorte nominert til Spellemannsprisen 70 gonger. For Nygård handlar det om å auke statusen til folkehøgskulane. Ord som «friår» er han kritisk til, for skuleåret til elevane ved skulen hans, er merkt av dedikasjon og knallhardt arbeid, fortel han.

Nygård er òg kritisk til reiseverksemdene til mange folkehøgskular:

– Dei gjev vatn på mylna til fordomane mot folkehøgskulane. Når eg arrangerer ei reise til destinasjonar som Island eller Gotland, er det alltid med vaksne som sjølv betaler reisa. Elevane ved Trøndertun er ikkje med på desse turane. Det er kritikkverdig at folkehøgskular utviklar dyre utanlandsreiser som liknar på tilboda til ein vilkårleg reiseoperatør, seier han og held fram:

– Det luktar svidd når reiser og kortkurs er styrte av økonomiske og ikkje pedagogiske omsyn.

Eg spør om det ikkje er enkelt for ein rektor ved ein musikkskule å koma med ei slik utsegn når andre skular har fokus på framande kulturar.

– Det finst sjølvsagt unnatak, som Sund folkehøgskule i Inderøy, som mellom anna vektlegg internasjonalt engasjement. Dei har seriøse utanlandsreiser i samband med utlandsprosjekt.

Same kritikken kjem frå rektorar ved andre folkehøgskular. Torkjel Solem ved Torshus folkehøgskule seier til avisa Sør-Trøndelag at skulen deira gjerne kan ha eit bistandsprosjekt i Afrika utan å sende ein heil skuleklasse dit, og at skular generelt bør leggje meir vekt på dei opphavlege ideane til Grundtvig enn å vera reisearrangør til fjerne land.

Folkehøgskuleessensen

Men om Nygård òg er kritisk til kortkurs og uturvande reiser, meiner han regjeringa ikkje gjer rett i å kutte støtta til folkehøgskulane:

– Langkursa bør styrkjast. Skal folkehøgskulane bli oppfatta som seriøse, må det vera høg kvalitet på det faglege og sosialpedagogiske innhaldet. Løyvingane på 25 millionar burde heller kanaliserast til langkursa. Eit folkehøgskuleår kostar ein elev 100.000 kroner. Då må vi kunne tilby kurs av høg kvalitet.

Her kjem Nygård inn på det som er essensen i folkehøgskuledrifta, det som gjer verksemda deira unik:

– Ser du på timeplanen til Bårdar og Spin Off, liknar han på vår timeplan. Men vi slår likevel knockout på dei. Det er fordi vi har eit unikt sosialpedagogisk opplegg å tilby. Liksom på andre folkehøgskular bur elevane på internat hjå oss. Både elevar og lærarar er på skulen 24 timar i døgeret. Det gjev eit unikt personleg preg, som atter stimulerer til personleg mogning og sjølvinnsikt. Her er samtalen i sentrum, nett som Grundtvig la vekt på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ronald Nygård, rektor ved
Trøndertun folkehøgskole

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis