JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Avgrunnen mellom islam og Vesten

For ti år sidan skreiv forfattar, imam og advokat Seyran Ates at islam treng ein seksuell revolusjon. No har revolusjonen byrja, meiner ho.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Seyran Ates ønskjer seg eit islam der seksualiteten er fri, privat og sjølvbestemt for begge kjønn.

Foto: Julius Matuschik

7722
20190614

Bakgrunn

Seyran Ates

Fødd i Tyrkia i 1963

Voks opp i Berlin i Tyskland etter at foreldra emigrerte dit i 1968

Utdanna advokat, forfattar, imam i den liberale moskeen Ibn Rushd-Goethe i Berlin

Har gjeve ut fem bøker. Islam trenger en seksuell revolusjon kom ut første gong i 2009

Islam

mone@dagogtid.no

Lytt til artikkelen

– Dette er min idé: Situasjonen kring seksualitet i islam utgjer den djupaste avgrunnen mellom Vesten og den tradisjonelle islamske verda. Dette er det viktigaste problemet vi må gjere noko med. Ser ein på religion, på kultur, integrering, på hovudplagga som kvinnene går med, kokar det meste ned til seksualiteten, seier forfattar Seyran Ates på Skype frå Tyskland.

– Seksualiserer born

Ho har eit venleg andlet. Men når ho snakkar om kvinner og seksualitet i islam, vert ho streng og engasjert. Ho hevar stemma. På terrakottaraud bakgrunn nikkar ho til nokon bak sin eigen skjerm før ho held fram:

– Dette er årsaka til at eg får flest dødstrugsmål. I vår moské får kvinnene be med eller utan tørkle på hovudet. Kvinner og barn vert dekte til fordi dei skal løyne venleiken og seksualiteten sin for mannen, slik at han ikkje vert freista. Det er seksualisering av små barn.

– Tidleg i boka skriv du at ein bør forby vestleg reklame som nyttar kvinnekroppen òg.

– Om ein plasserer ei kvinne halvnaken på eit bilpanser eller kler på henne hijab, er begge delar ei ufrivillig seksualisering av kvinna, seier Ates.

I boka argumenterer ho for at til og med gudstenesta vert seksualisert når kvinner og menn ikkje får be saman: «Hvorfor kan ikke en muslim engang på et sakralt sted der han skal hengi seg til troen på Allah, avholde seg fra seksuelle fantasier hvis det motsatte kjønn er synlig til stede?» skriv ho. Ates ønskjer seg eit islam som ikkje er kjønnssegregert, der seksualiteten er fri, privat og sjølvbestemt for begge kjønn. Og på dei ti åra sidan boka først var gjeven ut, har situasjonen endra seg.

– Verda og mennesket endrar seg alltid. Det var vanskelegare å snakke om seksualitet i islam i 2009. No gjer ungdommen nett det eg skriv om. Dei har sin eigen seksuelle revolusjon og meir fridom til å kjempe for å få leve livet sitt slik dei vil. Fleire og fleire muslimar vert òg integrerte inn i vestleg kultur. Men samstundes veks den tradisjonelle sida, og fleire vert konservative.

Ei gåve og eit kall

I boka Islam trenger en seksuell revolusjon fortel forfattaren om enkelte muslimar som ikkje vil sende jenteborna sine på klassetur fordi dei er redde for trugsmålet vestlege gutar utgjer.

– Var du ikkje redd for at boka kunne føre til meir muslimhat?

– Eg har fått dette spørsmålet sidan eg var 18 og skreiv den første boka mi. Den einaste motivasjonen bak dette argumentet er å drepe diskusjonen. Korleis kan ein endre samfunnet dersom ein ikkje tek tak i dei kritikkverdige sidene, spør ho.

Ates har hatt politivern sidan 2006 på grunn av arbeidet som kvinnerettsadvokat. Då ho opna Ibn Rushd-Goethe-moskeen i Berlin i 2017, den einaste moskeen i Tyskland for liberalt islam, auka trugsmåla i omfang. Og over 20 år tidlegare, i 1984, vart ho skoten i halsen. Då var ho framleis jusstudent og arbeidde for eit senter for kvinner.

– Ein konservativ prøvde å drepe meg. Utan hjelpa eg fekk til å reise meg att, ville eg ha gjeve opp i 1984. Men arbeidet mitt er ei gåve og eit kall. Etter 13 år med vern frå politiet ser eg at det er naudsynt. Dei er englane mine, fortel ho.

– Kva motiverer deg?

– Eg har millionar av menneske bak meg. Kvar fredag vitjar menneske frå heile verda moskeen vår. Dei kontaktar oss fordi dei ikkje har nokon stad der kvinner og menn kan be i same rom, der homofile og interreligiøse par og par frå ulike greiner av islam kan gifte seg. Det er ei rørsle, seier Ates.

– Du er feminist og har vorte kalla 68-ar i muslimklede. Når vart du feminist?

– Eg vart feminist då eg byrja å forstå at bror min vart behandla annleis enn eg. Då var eg seks­–sju år. Eg byrja å lese feministisk litteratur då eg var 15, seier ho.

Foreldra til Ates flytte frå Tyrkia til Tyskland midt under den seksuelle revolusjonen i 1968. Men då dei kom til eit nytt land, fekk ikkje dottera i huset fridom. Ho kunne ikkje eingong vere ute og leike med naboborna.

– Eg forstod at det vart lagt press på meg på grunn av det eg har mellom beina.

Ho fortel at foreldra var svært tradisjonelle og hadde reist på pilegrimsferd til Mekka. Dei sette fridom opp mot seksualitet når det gjaldt dottera, fordi ho var jente.

– Vil du ha kjærast? Vil du vere hore? Slikt kunne dei spørje meg om dersom eg ville gå ut utan lov. Eg var berre eit barn og ville berre vere saman med venene mine.

– Vart kontrollen verre då de kom til Tyskland?

– Ja. Fram til då hadde vi fått vere born. Men med den seksuelle revolusjonen såg foreldra mine på vestleg kultur som umoralsk. Dei ville konservere og verne identiteten som muslimar, og slik åtferd hindrar integreringa. Dei heldt meg inne, seier ho.

Dobbeltmoral

I boka skriv Seyran Ates òg om den seksuelle dobbeltmoralen i islam. På den eine sida vert islam sett på som ein religion som ønskjer seksualitet velkomen, gjennom historia om haremskulturen og skildringane av dei mange ekteskapa til profeten Muhammed. På den andre sida er seksualiteten berre for mannen. Og kvinna må vere jomfru når ho giftar seg: «Når ni år gamle jenter blir giftet bort i islamske land i dag (...), da vet vi at dette kan føres tilbake til profetens ekteskap med Aisha», skriv Ates. Ifølgje Koranen var Aisha den einaste som var jomfru av konene til profeten.

– Men du skriv òg om mannen som undertrykt i islam.

– Dette er viktig. Vi kan ikkje få kvinna opp på eit visst nivå og så gløyme mannen. Han er òg undertrykt. Ein er ikkje likestilt når ein kontrollere kvinnene i familien. Ein må få hjelp til å kjempe mot dette.

– Må mennene kontrollere kvinnene?

– Dei er ein del av patriarkatet. Til dømes er det vanleg med kritikk frå mannlege slektningar, at ein vert spurd kva slags mann ein er, og får beskjed om at ein ikkje er ein ordentleg mann dersom ein behandlar kvinna på ein måte som ikkje er i tråd med skikken.

– Du kritiserer konservative muslimar som meiner at kvinnesynet og synet på kvinneleg seksualitet i islam er utelukkande eit kulturelt problem. Meiner du at det er eit religiøst problem?

– Mitt problem er ikkje islam, men patriarkatet. Men kultur og religion heng saman. Vi muslimar har vår heilage bok. Samstundes har vi tradisjonane, og kvart muslimsk land har eigne skikkar. Eg skal gje deg eit døme: Ikkje mange veit at Tyrkia har sitt eige øl, at det går føre seg alkoholproduksjon i eit islamsk land. I Saudi-Arabia ville ein vorte drepen for noko slikt. Men under Erdogans islam, same kor konservativt det er, og kor mykje dei radikale veks, vert dette merket akseptert og skattlagt. Ein nyttar pengar frå noko så haram som alkohol i politikken, seier ho.

I same andedrag held ho fram:

– Å kontrollere seksualiteten er den einaste måten ein kan halde på situasjonen slik han er og har vore. Det er ein manipulasjonsmetode, og ein kan merke det når ein snakkar med konservative muslimar. Det første som vert nemnt når konservative muslimar vil distansere seg frå Vesten, er kva vestlege kvinner gjer, og korleis dei ter seg. Ortodokse jødar og katolikkar har nytta dei same argumenta i historia. Seksualitet er alltid hovudargumentet for å kontrollere fridomen. Det er det same med LHBT-undertrykkinga i dag. Vi er ikkje ferdige, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vart feminist då eg byrja å forstå at bror min vart behandla annleis enn eg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis