Atombomber og barnerumper– Generasjonen min er klemd mellom andre verdskrig og oljealderen, seier forfattar Arnhild Skre, som er ute med boka

– Generasjonen min er klemd mellom andre verdskrig og oljealderen, seier forfattar Arnhild Skre, som er ute med boka Kald krigs kviskring, om barndom og verdsbilete i skuggen av opprustinga.

USA sende moderne kunst til Europa for å demonstrere kor fritt landet var i motsetnad til Sovjet, fortel Arnhild Skre.
USA sende moderne kunst til Europa for å demonstrere kor fritt landet var i motsetnad til Sovjet, fortel Arnhild Skre.USA sende moderne kunst til Europa for å demonstrere kor fritt landet var i motsetnad til Sovjet, fortel Arnhild Skre.
Publisert

– Eg er eit kald krigs-barn, seier forfattar, historikar og journalist Arnhild Skre og ler.

Ho er fødd i 1952, og etter å ha studert den kalde krigen ved Universitetet i Oslo i 1994, vart ho svært fascinert av perioden ho hadde vakse opp i. Sjølv meinte ho at ho hadde vakse opp på ein stad verna mot verda, og var ikkje samd i at ho var ein del av etterkrigsgenerasjonen. Men det ho hugsa som ein trygg barndom, gjorde henne uroleg. Var det eigentleg så trygt? Ho vart nyfiken på korleis den kalde krigen eigentleg slo inn i kvardagslivet hennar som barn. I ein spenningsperiode som i litteraturen er avgrensa til stormaktspolitikk, overvaking og kapprusting, ville Skre skape eit breiare bilete.

Kulturbarbariet USA

– Du skriv om kulturstraumen frå USA, og det nedlatande synet på han. Men i dag er landet vårt gjennomsyra av amerikansk kultur.

– I dag kan vi ikkje førestelle oss USA som det kulturelle barbariet dei tonegjevande i 1950-åra meinte det var. Den moderne kunsten kom til Europa frå kulturdiplomatar i USA. Dongeribuksa, som tidlegare hadde vore eit arbeidarplagg, vart «cool», og bodskapen var at «det er USA som er den frie verda». Då eg voks opp, var det Sovjet som var verdas diktatur. Spania, med Franco i spissen, hadde eg ført opp i barneskuleboka mi som eit kongedøme. Russofobien er ei lang line i idéhistoria, men han vart sterkt intensivert frå byrjinga av den kalde krigen, kring 1947. Eg trur vi framleis er prega av han.

– Korleis vart kulturen i Noreg prega?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement