Arvingane til Jackson saksøkjer DisneyTV-selskapet ABC brukte Michael Jacksons songar og videoar utan løyve, meiner arvingane til Jackson.
TV-selskapet ABC brukte Michael Jacksons songar og videoar utan løyve, meiner arvingane til Jackson.
American Broadcasting Company (ABC) og morselskapet Disney har vorte saksøkte for dokumentaren The Last Days of Michael Jackson, som vart send førre veke. Arvingane til Jackson meiner det to timar lange uautoriserte programmet brukte «Billie Jean», «Beat It», «Don’t Stop ’Til You Get Enough» og fleire andre songar utan løyve, og at det inkluderte store delar av Jacksons musikkvideoar, opptak frå liveframføringar frå turnear og konsertar som tilhøyrer dødsbuet til Jackson, eit klipp frå ein Spike Lee-regissert dokumentar og opptak frå filmen Michael Jackson’s This Is It. Det skriv musikkmagasinet Rolling Stone.
– Disney og ABC har med overlegg og forsett brote opphavsretten når dei brukte opphavsrettverna materiale frå dødsbuet utan løyve, seier Howard Weitzman, advokat for arvingane, i ei kunngjering, ifølgje Rolling Stone.
– Disney si framferd her var særleg overraskande med tanke på at selskapet sjølv ikkje har nokon toleranse for dei som brukar deira verna materiale, sjølv i dei mest trivielle tilfelle, la han til.
Han fortel òg at Disney og ABC aldri spurte om løyve til å bruke noko av materialet i dokumentaren, og at arvingane sjølv tok kontakt med Disney om opphavsrettsproblematikken etter å ha sett ein trailer med opphavsverna bilete av Jackson før dokumentaren gjekk på lufta. Eit bilete frå traileren skal etterpå ha vorte fjerna.
Ein talsperson frå ABC News seier til Rolling Stone at selskapet ikkje har hatt høve til å gå gjennom søksmålet enno.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.