Litteratur
Arne Svendsen: Serru, serru
Foto: Oslo Museum / Wikipedia
Populære songar som har overlevd i årevis – ein visediktar vi ikkje skal gløyme, er Arne Svendsen (1884–1958), som har 200 titlar registrerte hos Tono og hundrevis av etterlatne tekstar forvara i Fredrikstad bibliotek – han stod for eit stort tal revyar, ikkje minst i denne heimbyen. (Om talet på songar er 2500, som det vert hevda i fleire verk, er likevel ikkje stadfesta.)
Arne Svendsen vart husdiktar for Chat Noir frå 1920 og utover, han skreiv òg for Edderkoppen og andre scener. Mange viser vart sungne inn av Einar Rose: «Svigermor og Evensen og kjerringa og jeg»; av Lalla Carlsen: «E’ hel ei, e’ halv ei på to»; av Arve Opsahl: «Det holder det, sa Gundersen, det klarer seg med det». Han skreiv òg «Jeg fødtes utpå Nordsjøen», «Gøy på landet», «Bare ta og riv det ned». Trykt i bok finst 20 viser (1923) og Chat Noir-viser og andre (1938).
«Serru, serru» frå 1928 (med melodi av Kolbjørn Svendsen) er eit glansnummer for Einar Rose, i folkeleg austkantsjargong. Strofe 1 – i fengsel fikk man fangedrakt med striper i. Strofe 2 – folk leverte inn selvangivelse hvert år innen siste januar. Strofe 3 – «Jeder’n» tyder Jæren, der Opstad Tvangsarbeidshus låg, frå 1915 til 1970, og lausgjengarar vart sette inn, inntil lausgjengarlova vart oppheva. Poltur er politur = kvistlakk, som inneheld sprit. Skåp: «rusdrikk av politur hvor lakken er felt ut med salt» (Riksmålsordboken).
Arne Svendsens to søner var begge i revybransjen: Kolbjørn Svendsen (1903–1976), komponist og arrangør; Herberth (Bernstein, 1904–1958), viseforfattar og revydirektør. Arne Svendsen var med på å stifte Tono i 1928. Han var til dagleg gardbrukar i Askim.
Jan Erik Vold
Med flosshatt og stokk og briller
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.