Musikk

Arkivet: To karar som heiter Joe

Joe Ely: Live Shots (MCA 1980). Legendarisk Guy Juke-omslag.
Publisert

Texanaren Joe Ely døydde før jul, 78 år gammal. Han var ein musikalsk nyskapar med djupe røter i mange tradisjonar og ein låtskrivar av rang som etterlét seg hundrevis av songar. Ein storyteller frå det amerikanske sørvest som hadde lært av Woody Guthrie og alt som tenkjast kan av cowboyballadar og togblues. Han spelte i rock’n’roll-band, ville ut i verda og reiste i USA og Europa.

Han las alt han kom over av Knut Hamsun, fortalde han meg då eg intervjua han påska 1985 på garden hans i The Hill Country sør for Austin. Han var nettopp blitt far til Marie Elena, kalla opp etter enka til Buddy Holly, som var frå same by som Ely, Lubbock i Texas.

Av nesten tjue studioalbum er Honky Tonk Masquerade frå 1978 blitt ståande som meisterverket. Joe Strummer og The Clash forguda Joe Ely, som varma opp for dei i USA og viste dei rundt i El Paso, der Bobby Fuller hadde spelt inn «I Fought the Law», som The Clash covra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement