Musikk

Arkivet: Timi Yuro – den store røysta

Yuro: Soulsirene marknadsført som «middle of the road».
Publisert Sist oppdatert

Med 1,60 på strømpelesten blei ho kjend som «the little girl with the big voice». Familien med italienske røter budde i Southside Chicago. Eit afrikansk-amerikansk naboektepar spelte plater for Timi, og der oppdaga ho Dinah Washington, samstundes som ho tok timar i operasong.

Då ho var tolv, opna foreldra ein pizzarestaurant i Los Angeles. Det gjekk heller trått, heilt til Timi insisterte på å synge for gjestene. Kundane strøymde til.

Røysta hennar hadde eit eksepsjonelt register, frå det djupaste og mørkaste med maskulint preg til vibrato i det høge. Ho kunne minne om både Patsy Cline og Jackie Wilson. Ho blei den første store kvite soulsongarinna. Ho var best når ho song det ho likte, og då ho trengde seg inn på styremøte i Liberty Records og framførte den hulkande Roy Hamilton-balladen «Hurt», fekk ho viljen sin, og songen blei den største hiten hennar, i 1961. Året etter kom den råe signaturlåta «What’s a Matter Baby», som er blitt covra av Small Faces, Them, Irma Thomas og minst eit tjuetal andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement