Musikk
Arkivet: Syndaren som drøymde
Bluesfilmen Sinners, regissert av afrikansk-amerikanaren Ryan Coogler, har begeistra kinogjengarar og meldarar denne våren. Filmen er kompleks på idéplanet og visuelt overveldande.
På eitt nivå er Sinners ein historisk film om segregasjonen i Clarksdale i Mississippi i 1932. På eit anna nivå nyttar filmen grep frå horror- og vampyrfilmar til å utfordre førestillingane våre om rase, religion og identitet. I sentrum av det heile er historia om den unge bluessongaren Sammie, den fortapte sonen til ein svovelpredikant som ser på blues som djevelens musikk.
Filmen gir mange assosiasjonar til lagnaden til Clarksdale-fødde Ike Turner, også han ein presteson. Lenge før Tina dukka opp, var han etablert i Clarksdale med bandet sitt Kings of Rhythm. I 1954 fekk han Eugene Fox, saksofonisten i bandet, til å vere vokalist på fleire plater.
Den bisarre såpeoperaen Sinner’s Dream blei ei kultplate. Akkompagnert av dyster romklang frå gitaren til Turner speler Fox både angrande og dødssjuk syndar, ein kviskrande Mr. Death og skummel Mr. Devil. I draumen ber han ei hulkande «Ann» om orsaking for alt gale han har gjort, før djevelen seier «You have served me well, boy» og ein brølande Fox fer i avgrunnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.