Musikk
Arkivet: Sjefblues frå Mississippi
«Big Boss Man» kom inn både på Hot 100 og Top 20 R&B i 1960.
Folkinspirert cover til Jimmy Reed-samleplate frå 1968 på selskapet Tradition.
Den avslappa tolvtakters shufflebluesen hans med pipande munnspel og nonchalant snøvlande vokal blei adoptert av The Rolling Stones, Elvis Presley, Van Morrison og The Grateful Dead. Han selde meir plater enn nokon av dei samtidige Chicago-bluesartistane. 6. september var det 100 år sidan han blei fødd.
Jimmy Reed voks opp på ein plantasje i Mississippi og hadde knapt lært å skrive namnetrekket sitt før han plukka bomull. Då oppsynsmannen nekta han å drikke vatn på jobb, tok han toget til Chicago. Jimmy Reed fortalde at han skreiv hendinga inn i signaturlåten sin:
«You got me working, boss man, working ‘round the clock/ I want me a drink of water, but you won’t let Jimmy stop.»
«Big Boss Man» kom inn både på Hot 100 og Top 20 R&B i 1960. Så ulike artistar som Jerry Lee Lewis, Nancy Sinatra og Eric Clapton har covra songen, men ikkje eingong B.B. King slo versjonen til Elvis Presley på The 1968 Comeback Special TV Show.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.