Musikk

Arkivet: Sierra og Kitty, dronningar av honky tonk

Slagerparaden til Wells på LP i 1956.
Publisert Sist oppdatert

Country- og americanakometen Sierra Ferrell (36) blei i vinter heidra med fire Grammy-prisar for albumet Trail of Flowers. Då ho gav ut Long Time Coming i 2021, var det pandemi og nedstenging, og ho marknadsførte seg ved strøyming av heimekonsertar som viste formatet hennar som samstundes makelaus vokalist, fortolkar og multiinstrumentalist. Repertoaret av bluegrass, tango, jazz, honky tonk og folk hadde ho bygd opp gjennom 2010-talet som omreisande gatesongar og bandmusikar i byar over heile USA.

På ein av konsertane akkompagnerer ho seg sjølv på kassegitar i Willie Nelson-/Django Reinhardt-stil i den urtypiske drinking and cheating-songen «If I Was A Bottle»: «You would never break the bottle the way you broke my heart/ Because it means more to you than the home you tore apart.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement