Musikk
Arkivet: «See You Later, Alligator!»
Bobby Charles med korrekt tidleg 70-talsimage. Helten til The Band, Dr. John og Paul Butterfield.
Robert Charles Guidry kom til verda i 1938 i Abbeville i Louisiana. Foreldra snakka cajunfransk, men skolen amerikaniserte gutungen. Påverka av Hank Williams og Fats Domino fann han sin indre musikar og tok namnet Bobby Charles som songar i eit high school-band.
Ein dag i 1955 parkerte Fats Domino Cadillacen utanfor eit konsertlokale i byen. Bobby og kameraten var dei einaste kvite som kom for å høyre på. Bobby hadde med ein song han hadde skrive med tanke på helten sin: «See You Later, Alligator».
Fats svarte om lag som jenta i songen, «after a while, crocodile». Meir hell fekk 17-åringen då han song låten på telefon for produsent Leonard Chess, som trudde han var svart. Plata han spelte inn, kom på Top 20. Bill Haley fekk ein millionseljar med «See You Later, Alligator», og uttrykket gjekk inn i daglegtalen.
Bobby lærte seg aldri noko instrument, men heilt til han døydde i 2010, levde han av songskriving. «Walking to New Orleans» for Fats Domino og Joe Cocker, Ray Charles og Muddy Waters stod òg på kundelista. I 1972 gav han sjølv ut superalbumet Bobby Charles. Bonusmateriale frå den tida er no utgitt på Rhino/Record Store Day under tittelen Bearsville Studio Sessions. After a while, crocodile!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.