Musikk
Arkivet: Naudrop om kjærleik
«Rescue Me» var på den einaste Chess-LP-en hennar.
Foto: Don Bronstein
Fontella Bass voks opp med gospelsong. Ho spelte piano frå ho var fem og var med i kyrkjekoret, til ho blei hekta på rhythm & blues og fekk pianistjobben i eit band, og steppa òg inn som vokalist. I 1964 kom første plate på Chess, den drivande duetten «Don’t Mess Up a Good Thing».
Året etter var ho og låtskrivarane Carl Smith og Raynard Miner i studio, med ein uferdig song. Til stades var også Maurice White, trommeslagar, og bassisten Louis Satterfield. Dei tok til å jamme, og i tre opptak var «Rescue Me» i boks, den største hitlåten til Chess sidan «Johnny B. Goode» med Chuck Berry. Låtskrivarane fekk det dei ønskte seg. Motown-feeling med mektige trommefills og dundrande backbeat, slik som på hitsinglane til The Supremes. «Rescue Me»-refrenget er eit ekko av «Come See About Me».
Basslinja er motoren i det enorme dansedrivet. På slutten høyrer vi berre bassgangen og sopranrøysta til Fontella. Ho meinte ho hadde krav på kreditering, og reiv sund sjekken frå Chess som ho meinte var ein hån for eit sal oppunder millionen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.