Musikk

Arkivet: Mindre er meir

Steve Copper spelte aldri ein note for mykje, men fekk kvar note til å bety noko.

I 1969 gav Steve Cropper ut eit meisterverk av ei instrumentalplate. Victor Moscoso laga omslaget.
Publisert

Steve Cropper døydde 3. desember, 84 år gamal. Han var gitarhelten til gitargudane. Aldri så kjend som Jimi Hendrix, Eric Clapton eller Jimmy Page, men dei såg opp til Cropper, som aldri spelte ein note for mykje, men fekk kvar note til å bety noko. Han var ikkje i front, men den som høyrde kva dei andre spelte, og svarte med stakkato akkordar og mykje luft imellom, innramma av songstrukturen og basert på trommerytmen og makelaus dynamikk.

På plateselskapet Stax/Volt på 60-talet var han gitarist, produsent, lydteknikar og låtskrivar, og ein motor i utviklinga av Southern Soul. I lag med organisten og pianisten Booker T. Jones, Donald «Duck» Dunn på bass og Al Jackson jr. på trommer utgjorde han instrumentalgruppa Booker T. & the MGs, som òg var husbandet på tallause Stax-innspelingar.

«Green Onions» var den første singelen deira, ein tolvtaktarsblues forvandla til soul gjennom rytmedrivet. Den blei lyden av 1962. Cropper skreiv låtar som «In the Midnight Hour» med Wilson Pickett, «Knock on Wood» og «634-5789» saman med Eddie Floyd, og «Sittin’ on the Dock of the Bay» med Otis Redding. Feeling og groove.

Eg intervjua han i 2005. Han var særs triveleg og like enkel og likefram som spelestilen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement