Musikk
Arkivet: Kvil i fred, Sly Stone og Brian Wilson
Brian Wilson under ein konsert (t.v) Foto: Lucas Jackson / NTB. Sly Stone i 2007 Foto: Martial Trezzini / NTB
Det gjekk berre to dagar frå Sly Stone døydde den 9. juni, til Brian Wilson gjekk bort. To musikalske geni i den popmusikalske kulturrevolusjonen i California på 1960-talet. Dei fekk ulike, men parallelle tragiske lagnader.
Sly i hippiehovudstaden San Francisco med visjonær psykedelisk soulfunk og svart gospel i bagasjen. Bandet hans, The Family Stone, var rasemessig integrert, med både kvinnelege og mannlege musikarar, og laga uimotståeleg funky låtar som «Dance To the Music», «I Want to Take You Higher». På 1970-talet var Sly blitt kokainslave og karrieren ikkje til å redde.
I Los Angeles forvandla Brian Wilson og The Beach Boys draumen om livet i Southern California til sorglause solskinslåtar om jenter, surfing og hotrod-bilar langs stillehavsstrendene, og dominerte amerikansk popmusikk tidleg på 1960-talet.
Den kjenslevare Brian Wilson stod aldri på eit surfebrett og skreiv også tekstar fylte av melankoli og tenåringsangst. Dei blei til useieleg vakre balladar i ein firstemd songstil som gruppa hadde lært av jazzvokalistane i The Four Freshmen.
Mentale problem øydela Brians karriere, men på Rolling Stone-lista over alle tiders beste album blei Pet Sounds nummer to både i 2003 og i 2020.
Å vere berømt blei ei forbanning for Sly og Brian, men musikken deira blei ei velsigning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.