Musikk
Arkivet: Iskalde gitartonar
Albert Collins gjorde det stort med djupfrosen gitarsound. LP-en Frostbite kom i 1980.
Den brune Restaurant Pilen var i mange år ei naudhamn for øltørste i Oslo sentrum. Nye tider med John Travolta og Saturday Night Fever kravde at delar av lokalet blei gjorde om til diskoteket Spotlight i helgene. På vekedagane var det plass til både punk og blues.
I fire år arrangerte vi blueskonsertar og kalla oss Oslo Bluesklubb. Lite ante vi at vi blei del av bølga som skapte The Blues Brothers-fenomenet og eventyret Stevie Ray Vaughan. Han lærte mykje av Texas-gitaristen Albert Collins, som i desember 1978 gjorde sin første norske konsert på scena i 2. etasje på Pilen saman med det svenske turnébandet Hjärtslag. 200 personar hadde kome opp trappa, og då var det utselt. Ute var det ti kuldegradar.
Det kunne ikkje ha vore betre timing, for dei regionale hitane hans i Texas hadde låttitlar som «Don’t Lose Your Cool», «Sno-Cone», «Frostbite» og signaturlåta «Frosty». Han gjorde alle triksa i boka med lang gitarkabel og gjekk ut blant publikum, ned trappa og ut i St. Olavs gate, der han blei ståande og spele «Frosty» i snøføyka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.