Musikk
Arkivet: Farvel til The Searchers
Det britiske bandet The Searchers under ei TV-innspeling i 1964.
Kjelde: Yle via Wikimedia Commons
Før The Beatles kalla fire andre Liverpool-musikarar seg The Searchers, etter filmen med John Wayne. Waynes gjennomgangsreplikk, «That’ll be the day!», blei tittelen på songen Buddy Holly slo igjennom med.
Det er symbolikk i at The Searchers har halde det gåande sidan 1959, året Buddy Holly døydde. Med gitaristen John McNally (83) som originalmedlem blei dei verdas eldste aktive rock and roll-band. I juni i år spelte dei for første gong på Glastonbury-festivalen.
Med trestemde harmoniar og distinkte gitarar, inkludert 12-strengs Rickenbacker, hadde dei direkte påverknad på The Byrds. Innspelinga av Malvina Reynolds’ «What Have They Done to the Rain» var folkrock før nokon visste kva det var.
Stordomstida var første halvdelen av 1960-talet. Særleg singelhiten med Jackie DeShannon-låten «Needles & Pins» har blitt ståande.
Til skilnad frå The Beatles endra The Searchers seg ikkje då rock and roll forvandla seg til rock, og albumformatet blei viktigare enn singelhitar, men LP-ane kom langt inn i CD-alderen. Dei hadde ein renessanse då Bruce Springsteen begynte å spele «When You Walk In the Room», og dei gav ut to solide album retta mot new wave-publikumet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.