Musikk

Arkivet: Ein meister i synkopering og timing

Augie Meyers på sin legendariske Paramount-LP frå 1973, no nyutgitt. Dressen hadde tilhøyrt Elvis Presley.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg døydde songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten Augie Meyers (85) heime i Bulverde nord for San Antonio i Texas. Han var siste gjenlevande av tex-mex-supergruppa Texas Tornados, som var svære på 1990-talet. Dei andre var Flaco Jimenez, Freddy Fender og Doug Sahm.

Sahm og Meyers hadde ti år bak seg i lokale San Antonio-band då dei starta Sir Douglas Quintet midt på 60-talet.

Sahm var karismatisk songar og gitarist, Augie Meyers trollmann på Vox Continental, same type orgel som The Animals nytta på «House of the Rising Sun».

Kvintetten blei lansert som ei engelsk gruppe, og i 1965 hadde dei hit både i USA og England med «She’s About A Mover», ein fusjon av The Beatles’ «She’s A Woman» og Ray Charles’ «What’d I Say» med takta frå tex-mex-polka og Cajun Twostep, men Augie erstatta trekkspelriff med Augies romfartsaktige orgelrefreng.

Nett Augie Meyers’ handtering av Vox, Hammond B-3 og trekkspel utgjer mykje av magien på comebackalbumet til Bob Dylan frå 1998, Time Out Of Mind.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement