Musikk
Arkivet: Bluesdronninga fyller 80
«Soul Shake» var første LP-utgjeving på Antone’s. Legendene Denny Freeman og Mel Brown har òg signert.
Den blåe musikken har to jubileum i år. Clifton Chenier blei fødd for 100 år sidan. Han tok med seg den kreolske dansemusikken zydeco frå Louisiana ut i den store verda. På jubileumsplata A Tribute to the King of Zydeco spelar alle frå The Rolling Stones til Lucinda Williams låtane hans, og syner kor djup påverknaden hans har vore.
På toppen av karrieren i 1975 spelte han på opninga av ein klubb i eit nedslite lokale i Austin i Texas, med namn etter grunnleggjaren Clifford Antone. Her blei gigantar som Muddy Waters og Jimmy Reed vener av det unge husbandet The Fabulous Thunderbirds med Kim Wilson og Jimmie Vaughan. Albert King jamma med lillebror Stevie Ray Vaughan. Det var gitaren til Stevie Ray på «Let’s Dance» som gav nytt liv til karrieren til David Bowie, før han sjølv erobra verda med trioen Double Trouble.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.