Musikk

Arkivet: Adjø, trulause hjarte

Albumet som hyllar den meksikanske songtradisjonen Ronstadt lærte av familien.
Publisert Sist oppdatert

Linda Ronstadt blei boomer-favoritt på 1970-talet med millionseljande tolkingar av gamalt og nytt frå Hank Williams til Warren Zevon. Ho følgde opp med Gilbert & Sullivan-opera på Broadway og i Hollywood, klassikarar frå den amerikanske songboka, trestemd country med Dolly Parton og Emmylou Harris og meksikanske songar.

Då ho var seksti, med 11 Grammy-prisar og 24 album som hadde selt til både gull, platina og multiplatina på samvitet, fekk ho ein Parkinson-liknande sjukdom og kunne ikkje synge meir. Men ho kunne snakke, og til The Guardian fortalde ho i 2017 at ho hata å høyre røysta si, og at det var først då ho song Gilbert & Sullivan, ho lærte stemmekontroll.

Ho gjorde unntak for songane med Dolly Parton og Emmylou Harris, dei amerikanske standardane som Nelson Riddle produserte, og duettane med Aaron Neville. Det siste ho gjorde, var duettplata Adieu False Heart saman med cajunartisten Ann Savoy. Ho liker den fordi ho kan høyre korleis ho slit med å synge. Den vemodige tittelsongen skriv seg frå 1860-talet. Han blei først spelt inn som einsam Appalachia-klage av Fiddlin’ Arthur Smith i 1938 og finst på Harry Smith’s Anthology of American Folk Music. Kanskje er det der Linda eigentleg høyrer til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement