Musikk
Arkivert: Stø mannen din!
Tammy var gift med George Jones heilt til sjuårskrisa sette inn og denne plata kom ut.
I eit intervju fortalde Tammy Wynette at ho mangla materiale under ei plateinnspeling i Nashville i august 1968. Tilpassa ein Strauss-vals skreiv ho «Stand By Your Man» på tjue minutt saman med produsenten Billy Sherrill. To veker etter kom singelen ut og skapte historie som ein av bestseljarane i countryhistoria og låta som definerte karrieren til Tammy Wynette.
I ei tid då skilsmissetalet auka og feminismen var på frammarsj, kjende kvinner seg igjen i opninga «Sometimes it’s hard to be a woman», men feministane likte korkje tittel eller refreng, og slett ikkje verset «He’ll have good times, and you’ll have bad times». For dei mange kvinnene i USA som valde ekteskapet med eller utan bad times, blei songen ei kjelde til styrke:
«And if you love him, oh, be proud of him/ ‘cause after all he’s just a man.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.