Arkitektur for folket – Norske arkitektkonkurransar er . Folket får ikkje seia meininga si, meiner Audun

– Norske arkitektkonkurransar er elitistiske. Folket får ikkje seia meininga si, meiner Audun Engh og viser til ein konkurranse gjennomført i Sverige, der framlegget til fagmenn vart forkasta.

Dette klassiskinspirerte bygget blir reist i Nacka ved Stockholm. Innbyggjarar fekk vera med på å røyste fram vinnaren.
Dette klassiskinspirerte bygget blir reist i Nacka ved Stockholm. Innbyggjarar fekk vera med på å røyste fram vinnaren.
Publisert

I media herjar debatten om kunstfagforeiningane. Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) har føreslege å gjera ei justering av ordninga for oppnemning av medlemer i stipendkomiteane til kunstnarar. I dag er det kunstfagforeiningane som vel desse medlemene. Helleland vil gje plass til folk som ikkje er medlemer av foreiningane.

Dette framlegget vekkjer ordskifte. På den eine sida står representantar for kunstfaget som meiner fagkompetansen taper på vedtaket, medan tilhengjarar ynskjer endringa velkomen, fordi ho bryt med eit «felles, intolerant kunstsyn» som har regjert lenge i kunstsektoren.

Ikkje-kunstnarar «med sunn fornuft kan ha et viktig bidrag å komme med: De kan avkreve en åpen argumentasjon hvor skiller mellom ideologi og fag-teknisk kompetanse tydeliggjøres», skreiv professor emeritus Arild Pedersen i Minerva sist helg.

– Det bør gjerast liknande oppmjuking av arkitektkonkurransar, seier jurist og byaktivist Audun Engh, og presiserer:

– Det gjeld både premissa for ein arkitektkonkurranse og sjølve samansetjinga av juryen. I norsk byggjekunst eksisterer det nemleg òg eit «felles, intolerant kunstsyn».

Inkje demokrati

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement